Tibetansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tibetansk
(བོད་སྐད་ bod skad)
Klassifisering: Sinotibetansk
 Tibetoburmansk
  Himalayisk
   Tibetokanaurisk
    Tibetansk
Talarar: tibetanarar
Bruk
Tala i: Kina, India, Nepal
Tibetansktalande i alt: 6 150 000
Skriftsystem: Tibetansk skrift
Offisiell status
Offisielt språk i: Den autonome regionen Tibet (Folkerepublikken Kina)
Normert av: Komiteen for standardisering av tibetansk (བོད་ཡིག་བརྡ་ཚད་ལྡན་དུ་སྒྱུར་བའི་ལ ས་དོན་ཨུ་ཡོན་ལྷན་ཁང་གིས་བསྒྲིགས / 藏语术语标准化工作委员会)
Språkkodar
ISO 639-1: bo
ISO 639-3: bod
Wikipedia på tibetansk

Tibetansk er eit språk som hovudsakleg blir snakka av det tibetanske folket som lever spreidd over eit stort område av austre Sentral-Asia og Sør-Asia, i tillegg til mange utvandra tibetanarar over heile verda. Fleire ulike variantar av tibetansk blir også snakka av folkeslag i nordlege Pakistan og i India i område som Baltistan og Ladakh, som begge ligg i eller rundt Kashmir. Språket finn vi i klassisk skrive form for det meste i lokal litteratur; særleg buddhist-litteratur.

Sjølv om klassisk tibetansk opphavleg ikkje er eit tonespråk, har nokre dialektar utvikla tonar. Dette gjeld sørleg Sentral- og Kham-dialektar, mens Amdo-dialekten og visse andre, vestlege dialektar er utan tonar. Tibetansk morfologi kan generelt beskrivast som agglutinerande.

Tibetanske skriftteikn[endre | endre wikiteksten]

Tibetansk blir skrive med eit eige skriftsystem, tibetansk skrift. Tibetansk skrift er eit stavingsalfabet. det er beslekta med devanagari, og har ingen ting å gjere med kinesisk skrift. Kolonnen Wylie i tabellen nedanfor refererer til ein vanleg transkripsjonsstandard.

Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA
ka k ca ta d pa p
kha cha tɕʰ tha pha
ga g ja da t ba b
nga ŋ nya ɲ na n ma m
Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA
tsa ts zha ʑ ra r ha h
tsha tsʰ za z la l a
dza dz ’a ɦ sha ɕ
wa w ya j sa s

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Tibetansk er eit ergativt språk.

Lydlære[endre | endre wikiteksten]

Tibetansk har fem vokalar, a, i, e, u, o.

Formlære[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Klassisk tibetansk har ni kasus:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediatibetansk