Tibidabo
Tibidabo | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Høgd | 512 m | ||
![]() Tibidabo | |||
Wikimedia Commons: Tibidabo | |||
Tibidabo er eit fjell i Barcelona i Catalonia i Spania. Med ei høgd på 512 meter over havet er fjellet det høgaste i Serra de Collserola. Det stig bratt opp i nordvest og gjev eit flott utsyn over fjellet og den omliggande kystlinja.[1]


Det ligg ein fornøyelsespark, eit TV-tårn (Torre de Collserola) og ei romersk-katolsk kyrkje, Temple de Sagrat Cor, på toppen, som alle er synlege frå byen. Kyrkja vart teikna av Enric Sagnier og tok over 60 år å byggje. Det står ein skulptur på toppen av kyrkja av Det heilage hjartet av Josep Miret Llopart. Fornøyelsesparken er den eldste i Barcelona og har framleis mange av dei originale apparata. Nokre av dei er frå rundt 1900.
Ein kan nå Tibidabo med ein skjenetaubane, med buss og bil. Jernbanen vart bygd i 1901 og var den første av sitt slag i Spania.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tibidabo» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: