Tidaholms bruk
Tidaholms bruk | |||
![]() | |||
Org.form | Aktiebolag | ||
---|---|---|---|
Bransje | Bilindustri | ||
Skipa | 1799 | ||
Nedlagd | 1934 | ||
Hovudkontor | Tidaholm | ||
Land | Sverige | ||
Produkt | stålprodukt, vogner, lastebilar, bussar |
Tidaholms bruk var eit svensk jarnverk, valseverk og vognmakeri i Tidaholm, som produserte stål, lastebilar, bussar, brannbilar og søppelbilar. Tidaholms bruk har aner heilt attende til mellomalderen. Det er kjent at setegarden Tidaholm (som heitte Angathorp på 1300-talet) i 1403 hadde ei kvern som vart driven av ein foss i elva Tidan[1].
I 1630 vart Holma-gården, som eigendomen då heite, seld til feltmarskalk Jacob de la Gardie og kona hans Ebba Brahe till Johan Ducker Zu Wartz, men vart seinare eigd av ættene von Mentzer, Rudbeck og von Essen. I 1799 fekk bruket jarnverksprivilegium.
Industrialisering
[endre | endre wikiteksten]Tidleg på 1800-talet tok eigarane til å utnytta fossen for å driva eit jarnverk som produserte stongjarn. Det vart òg bygd eit sagbruk og ein trevarefabrikk. I 1846 kjøpte friherre Hans Henrik von Essen fabrikkanlegga og vidareutvikla dei. Han vert rekna som grunnleggaren av Tidaholms bruk[1]. I 1884 vart det slutt på stongjarnproduksjonen. I april 1870 vart Tidahoms Bruks Aktiebolag stifta. I 1894 vart det bygd nye dammar og eit kraftverk. Rundt hundreårsskiftet vart det produsert møblar, jordbruksreiskapar, jarnvegsreiskapar, innreiingar for kyrkjer og skular, fuglebur osb. Eit anna produkt var avfjøra to- og firehjulsvogner for hest (tidaholmskärran), som det vart produsert 7000 av[2].
Bilproduksjon
[endre | endre wikiteksten]
Tidaholms produserte den fyrste lastebilen i 1903[1]. Han var konstruert av Gottfrid Lindström[2]og vart kalla Thor I og hadde ein 4-sylindra bensinmotor, med ei effekt på 26 hk ved 800 o/min. Bilen hadde ein masse på 2,7 tonn og ei lasteevne på 5 tonn. Erfaringane med bilen var såpass gode at det i 1905 vart produsert ein ny modell, kalla Thor II, med ei lasteevne på 4 tonn. Begge bilane hadde girkasse med fire hastigheiter framover, plus revers. Med fullt lass var farten 10 til 15 km/t. Bilane vart seld både i Norden og i Russland. I 1906 byrja Tideholms å produsera mindre kombinerte person- og varebilar, med langsgåande benkar. Desse hadde ein masse på 800 kg og ei lasteevne på éit tonn. Farten kunne koma opp i 30 km/t. I åra etter 1910 auka produksjonen og statlege verksemder som Kungliga postverket og Svenska armén vart gode kundar. I 1913 vart personbilproduksjonen lagt ned[1], og føretaket konsentrerte seg om produksjon av lastebilar og brannbilar. Dei fyrste bilane hadde drift, men i 1919 gjekk dei over til kardangdrift. Girkassane fekk etter kvart fire hastigheier. For å kompensera for dårleg salg av lastebilar i tida etter 1. verdskrig vart det utvikla ein traktor, Tidaholms-traktoren, men han vart ingen suksess[1].
1920-talet
[endre | endre wikiteksten]Dei dårlege kunjunkturane tidleg på 1920-talet førte til innskrenkningar, og talet på tilsette gjekk ned til ein tiendedel av det det hadde vore. For å betra situasjonen vart det sett i gang produksjon av veggmatter som murpuss festa seg til. Dei vart eksporterte til Bord-Frankrike, der dei var i ferd med å bygga oppatt husa etter 1. verdskrig. I 1922 tok Tidahols til å produsera bussar. Same året fekk føretaket bestilling på fem brannbilar frå Jönköping og smått om senn kom lastebilproduksjonen i gång att. Bilane fekk krafigare motorar, på 40, 50 og 70 hk. Ein liten lastebil, med typebetegnelsen TSL (Tidaholm Snabb Lastvagn), hadde alt i 1923 elektrisk startmotor. Type T4L, som kunne leverast med hydraulisk 3-vegs tipp som ekstrautstyr, vart ein pupulær grusbil. Årsproduksjonen tidleg på 1920-talet var på 150 bilar. For å redusera utgiftene til frivstoff vart det eksperimentert med vedgassdrift, men det slo ikke gjennom før under 2. verdskrig. Mot midten av 1920-talet byrja det å gå betre for føretaket og arbeidstyrken auka til 300 mann. Den einaste seriøse konkurrenten i Sverige var Scania-Vabis i Södertälje.
Betre tider rundt 1930
[endre | endre wikiteksten]
I 1927 vart det utvikla ein 6-sylindra motor på 75 hk. På denne tida vart det òg produsert små panservogner for forsvaret, med ratt og manøverorgan i begge endane. I 1929 produserte Tidaholms den fyrste svenske bilen med hydraulisk bremser på alle fire hjula. I 1929 tok føretaket til å produsera bussar det føraren var plassert langt framme, på sida av motoren. Dette vart starten på fullt innbygde bussar. I 1929-30 vart det konstruert ein hesselmanmotor, med separate innsprøytingspumper for kvar sylinder. I 1930 vart det konstruert ein 3-aksl lastebil- og busschassis med tandemdrift, og differensialsperrer på begge akslane, og mellom dei to drivakslane[1]. Same året tok føretaket til å produsera lastebilen T6L med tandemdrift mynta på langtransport. Han var utsyrt med så stor førarhytte at det var plass til ei køye attom føraren. Bilen hadde ein motor på 100 hk og ei lasteevne 7 tonn. I 1932 vart det innført ei delvis frambygd førarhytte. I 1931 tok produkasjonen av «omnibuståg» til. Dette var bussar med tilhengar, som hadde sporande bakhjul, som på ein moderne leddbuss. Det var plass til 37 passasjerar i trekkvogna og 23 på tilhengaren. I 1932 kom det ein ny hesselmannmotor på 100 hk med sentral innsprøytingspumpe og dobbeltenning. Det vart innført 6-hjuls hydrauliske servobremser. Det vart òg sett i gång produksjon av stasjonærmotorar som vart innstallert i skjenegåande motorvogner, som vart levert til Statens Järnvägar og til Tyrkia.
Slutten
[endre | endre wikiteksten]Depresjonen tidleg på 1930-talet råka føretaket hard. Saman med at utviklingakostnadane var høge førte dette til at Tidaholms hamna i eit økonomisk uføre. Om føretaket slulle overleva trong det ei solid kapitalinnsprøyting, men Sydsvenska Banken som hadde aksjemajoriteten, torde ikkje å låna meir pengar til Tidaholms. I 1933 vart det kjend at føretaket skulle leggast ned og maskinar, verktyg og anna inventar vart seld til kunkurrenten Scania-Vabis, og Tidaholms kommun kjøpte eigendomen med alle bygningane og kraftverket. Nedleggingsprosessen gjekk for seg frå seinsumaren 1934 til byrjinga av 1935[1]. Nedlegginga førte til problem med reservedelsforsyninga, men verksmester Hedlund tok over alle reservedelane som var på lager og stifta sitt eige føretak i Stockholmm der han til og med produserte nye deler etter som det vart bruk for dei, til langt etter 2. verdskrigen. Tidaholms produserte totalt ca. 1100 bilar[2].
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Tidaholms postbil, fotografert i 1912.
-
Ferdigproduserte lastebilar.
-
Tidaholm TSL lastebil frå 1927.
-
Førarplassen i Tidaholm TSL frå 1927. Han er utstilt på Tidaholms Museum.
-
Tidaholms brannbil frå 1929.
-
Førarplassen på Tidaholms TLS frå 1929.
-
Tidaholms T6L brannbil frå 1931.
-
Førarplassen i Tidaholms T6L.
-
Køya i T6L. Bilen er utstilt på Tidaholms Museum.