Tidemann Evensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidemann Evensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juli 1905
Død

16. september 1969 (64 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Tidemann Flaata Evensen (11. juli 190516. september 1969) var ein norsk byråkrat og politikar frå Solum i Telemark, som representerte Telemark og ArbeidarpartietStortinget i tida 1945-53.

Far hans var tømmermerkar. Sjølv gjekk han handelsskule i 1927, etter han året før hadde vore på selfangst ved Kerguelen. Frå 1930 til 1945 var han fullmektig ved Solum formannskapskontor og der etter fylkeskasserar i Telemark i åtte år til 1953. Han var fylkesarbeidssjef i Telemark 1953-59 og til sist fylkesmann i Telemark til han døydde i 1969.

Evensen var heradsstyremedlem i Solum frå 1933 til 1959, ordførar dei siste tolv åra. Hausten 1945 vart han også vald til stortingsrepresentant frå Telemark og attvald 1949. Heile tida var han medlem i Kommunalkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]