Tidlaus
Tidlaus | |
![]() Tidlaus | |
Status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: Framandart med låg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Liliales |
Familie: | Colchicaceae |
Slekt: | Colchicum |
Art: | Tidlaus C. autumnale |
Vitskapleg namn | |
Colchicum autumnale |
Tidlaus eller hausttidlaus (Colchicum autumnale), òg kalla naken jomfru eller tidløyse på norsk, er ein giftig pryd- og plante som særleg er viktig for utvinning av kolkisin («colchicin») — eit viktig lækjemiddel for behandling av sjukdommar som urinsyregikt og familiær middelhavsfeber. Colchicum skil seg frå krokus ved at blomstrane har seks pollenberarar i motsetnad til dei tre pollenberarane åt krokusen. Arten har stundom blitt kalla «haustkrokus», men dette er no det normerte namnet på arten Crocus speciosus.
Skildring og vekst[endre | endre wikiteksten]
Planten er fleirårig og veks frå ein oppsvulma del av stilken som kan minna om ein lauk. Blomane kjem om hausten, før blada, og dette har gjeve opphav til namnet naken jomfru. Det kjem ein eller to blomar frå kvar stilkrot. Dei minner om krokus, men har altså fleire pollenberarar og har alltid ei form for lilla, gjerne kvit inst i blomen. Dei tynne blada blir rundt 30 cm høge.
Naken jomfru kjem opphavleg frå Vest-Asia, men har spreidd seg til store delar av det eurasiske kontinentet på eiga hand, og er blitt flytta til Nord-Amerika og New Zealand av menneske. Han er både brukt som hageplante og veks vilt.
Gift og medisin[endre | endre wikiteksten]
Ein kan blir forgifta av berre ei lita mengd tidlaus. Symptoma minner om arsenikkforgifting, med oppkast, ei brennande kjensle i munnen og halsen, diaré, magesmerter og nyresvikt. Deretter kan ein døy av lungesvikt. Det finst inga særskilt motgift, i staden kan ein behandla ein som er blitt forgifta ved å pumpa han
Dei gamle grekarane er dei første til å skildra haustkrokusen som ein giftplante, men bysantinske og arabiske lækjarar tok til å bruka han som medisin mot ulike former for gikt. I moderne medisin bruker ein innhaldsstoffet kolkisin mot familiær middelhavsfeber, urinsyregikt (tidlegare podagra) og fleire typar kreft. Planten blir òg brukt som homøopatisk medisin mot ei rekke lidingar.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Colchicum autumnale
(Plansje frå Otto Wilhelm Thomé: Flora von Deutschland, Österreich und der Schweiz (1885))
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
