Hopp til innhald

Tidleg ordovicium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tidleg ordovicium, òg kalla nedre ordovicium av geologar, er den første epoken i ordovicium og er markert med eit kraftig aukande mangfald av marint liv etter masseutryddingane på slutten av kambrium.

Mange nye typar organismar slo seg saman med trilobittane, inkludert tabulatkorallar, strophomenida, rhynchonellida, mange nye orthide armføtingar, mosdyr, planktonliknande graptolittar og konodontar, og mange typar muslingar og pigghudingar, som slangestjerner og dei første sjøstjernene. Trilobittane var derimot framleis talrike og alle ordenane frå sein kambrium eksisterte framleis, i tillegg til ei ny gruppe kalla phacopida.

Dei første landplantene, som truleg var små ikkje-vaskulære planter liknande dagens levermosar, dukka opp i denne epoken for rundt 474 millionar år sidan.

Sjølv om sjøliljer dukka opp tidlegare i kambrium vart dei først vanlege i tidleg ordovicium.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ordovicium
Nedre/tidleg ordovicium Mellomordovicium Øvre/sein ordovicium
Tremadocium | Floium Dappingium | Darriwilium Sandbium | Katium
Hirnantium