Tidseining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tidseeining syner til kor lenge to hendingar varer eller tidslengda mellom dei, og blir nytta til å måle tid. SI-eininga for tid er sekund.

Tidseiningar[endre | endre wikiteksten]

Sekund[endre | endre wikiteksten]

Eitt sekund er definert som 9 192 631 770 svingingar av eit foton frå isotopen cesium 133.[1]

Døgn[endre | endre wikiteksten]

Eit døgn var tidlegare knytt til to påfølgjande nedre kulminasjonar for sola, men er no definert som 24 timar, 1440 minutt eller 86 400 sekund, og er dermed knytt til SI-systemet sjølv om døgnet i seg sjølv ikkje er ei SI-eining.

Sidan døgnet ikkje lengre er knytt til sola, blir det med ujamne mellomrom lagt inn skotsekund for å halde døgnet i takt med gongen til sola over himmelen.

Månad[endre | endre wikiteksten]

Ein månad er mellom 28 og 31 døgn.

Kvartal[endre | endre wikiteksten]

Eit kvartal er tre månader.

Tertial[endre | endre wikiteksten]

Eit tertial er fire månader.

År[endre | endre wikiteksten]

  • Eit år er den tida jorda nyttar på eitt omløp rundt sola.
  • Anomalistisk år = Jorda si omløpstid om Sola i tilhøve til perihel, 365 døgn 6 timar 13 minutt og 53,01 sekund = 365,2596 døgn.
  • Tropisk år = Sola si omløpstid i tilhøve til vårjamdøgnspunkt = 365 døgn 5 timar 48 minutt og 45 sekund = 365,2421875 middelsol-døgn (epoke J2000.0).
  • Siderisk år (stjerneår) = Sola si omløpstid i tilhøve til stjernene = 365 døgn 6 timar 9 minutt og 9,54 sekund = 365,2564 døgn.

Desennium[endre | endre wikiteksten]

Eit desennium er 10 år.

Sekel[endre | endre wikiteksten]

Eit sekel er 100 år.

Millennium[endre | endre wikiteksten]

Eit millennium er 1000 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «SI base unit: second (s)» (på engelsk). Bureau international des poids et mesures. Henta 9. juni 2023.