Tidsjamning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tidsjamning er skilnaden (i middeltid) mellom timevinkelen til den sanne sola og middelsola. Dette kjem av at døgna ikkje er like lange. I februar er sola aust for middelsola slik at våre middelur ved kulminasjonen til sola (sann middag) må vise nokre (høgst 14) minutt over 12 (lokaltid) eller over det kulminasjonsklokkeslettet som svarer til den valde tidsmeridianen. I november går den høgaste tidsjamninga (16 min) til motsett side. Tidsjamninga er null fire gonger i året: 15. april, 14. juni, 1. september og 24. desember. Datoene kan skifte éin dag til kvar side frå år til år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Tidsjamning», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 13. august 2014