Tidsline for Che Guevara sitt liv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tidslinje for Che Guevara sitt liv.

  • 1928 - Ernesto «Che» Guevara de la Serna blir fødd i Rosario i Argentina, 14. januar. Eldst i ein søskenflokk på fem.
  • 1932 - Familien flyttar til Alta Gracia på grunn av astmaen åt Che.
  • 1945 - Familien flyttar til Buenos Aires.
  • 1948 - Che begynnar medisinstudia på universitetet i Buenos Aires.
  • 1951 - 52 - Han reiser rundt i Sør-Amerika på motorsykkel saman med kameraten Alberto Granado.
  • 1953 - Che fullfører medisinstudia og legg ut på si andre reise i Latin-Amerika. I San José i Costa Rica møter han landflyktige cubanarar som deltok i Castros mislykka angrep på militærleiren Moncada, 26. juli, 1953.
  • 1954 - Che oppheld seg i Guatemala og opplever det USA-støtta kuppet mot Jacobo Arbenz. Blir kjent med peruanaren og sosialisten Hilda Gadea samt cubanaren Antonio «Ñico» López som deltok i angrepet på militærleiren Moncada. Kuppmakarane i Guatemala set i verk massakre på Arbenz' tilhengjarar. Che flyktar til Mexico.
  • 1955 - Che får jobb på eit sjukehus i Mexico by. Blir introdusert av «Ñico» López for Raúl Castro som igjen presenterer Che for Fidel Castro. Che vervar seg umiddelbart i den revolusjonære geriljaen (26. juli-rørsla) som Castro prøver å byggje opp, dels på Cuba og dels med ein angrepsstyrke i Mexico. Che giftar seg med Hilda Gadea.
  • 1956 - Che og 28 andre medlemmer av «26. juli-rørsla» blir arrestert av meksikansk politi og sit i fengsel i 57 dagar. Kjem til Cuba med Granma saman med 81 andre revolusjonære. Dei fleste blir drepne av Batista-soldatar ved Alegría de Pío. Che blir sjølv såra, men slepp unna fienden. Deltar i oppbygginga av geriljaen i fjella Sierra Maestra.
  • 1957 - Geriljaen erobrar ein militær utpost i La Plata i Sierra Maestra og overfell ei hæravdeling i Arroyo del Infierno (januar) [1]. ei anna opprørsgruppe, «Det Revolusjonære Direktoratet» (El Directorio Revolucionario), åtek presidentpalasset i Havanna for å myrde Batista. Opprøret vert umiddelbart slege ned og mange studentar blir drepne (mars). Castro sin gerilja erobrar ein stor militærleir, El Uvero i Sierra Maestra, og legg beslag på mykje våpen og utstyr før geriljaen forsvinn inn i fjella igjen (mai) [2]. Frank Pais blir myrda og Santiago de Cuba lammast av protestar og streikar. [3].
  • 1958 - «26. juli-rørsla» prøver å få til ein generalstreik på Cuba. Streiken mislykkast. Batista set i verk full militær offensiv mot geriljaen i Sierra Maestra. Offensiven mislykkast (mai). Che møter Aleida March. Geriljaen vinn slaget om El Jigüe som markerer starten på motoffensiven frå geriljaen (Cauto-kampanjen) mot Batista-troppane (juli). Camilo Cienfuegos leier delar av 2. kolonnen av geriljahæren i ein invasjon av Pinar del Río på Vest-Cuba. Che leier sin del av 2. kolonnen i ein invasjon av Las Villas på sentral-Cuba.
  • Che skriv under på ein allianse med gruppa «Det Revolusjonære Direktoratet» som har ei sterk geriljaeining i provinsen Las Villas (august). I september avtalar han eit samarbeid med representantar frå det cubanske kommunistpartiet (Partido Sosialista Popular - PSP). Che-troppane kjem til fjella Escambray (oktober). Saman med troppar frå «Det Revolusjonære Direktoratet», PSP og delar av 2. kolonne leia av Camilo Cienfuegos, erobrar dei ei rekkje byar i Las Villas (november). Troppane åt Che innleier kampen om Santa Clara, provinshovudstaden i Las Villas. Che leier åtaket som erobrar Santa Clara (seint i desember).
  • 1959 - Batista flyktar frå Cuba, 1. januar. Ein militærjunta overtar etter Batista. Fidel Castro avviser militærjuntaen og oppfordrar dei revolusjonære til å halde fram med kampen. Castro gjev ordre til Che og Cienfuegos om straks å fare til Havanna. Castro oppfordrar arbeidarar på Cuba til å gjennomføre ein generalstreik. Oppfordringa vert umiddelbart etterkommen og landet blir lamma. Geriljahæren med Che og Cienfuegos kjem til Havanna 2. januar. Jublande folkemengder tek i mot dei. Om kvelden, spreidd skyting. Gjengar som knuser vindaugo på kasino og «mafiaeigedom», øydelegg bilar til Batista-tilhengjarar. Che si avdeling tar fortet La Cabaña som blir omgjort til eit fengsel med Che som direktør. Castro kjem til Havanna 8. januar.
  • 9. februar vert Che utropa til «cubanar av fødsel» for innsatsen i revolusjonen - og vert dermed cubansk statsborgar. Che skil seg frå Hilda Gadea og giftar seg med Aleida March. Den revolusjonære regjeringa vedtar lover som forbyr rasediskriminering, gjev reduserte prisar på elektrisitet, reduserte renter og opnar for omfordeling av jord til fattige og jordlause. Che blir leiar for Nasjonalbanken og tar dei første stega til å innføre sosialistisk planøkonomi på Cuba. Drar til ei rekkje land i Europa, Afrika og Asia og skriv under på mange samarbeidsavtalar av økonomisk, teknisk og kulturell art.
  • 1960 - President Eisenhower ber CIA å førebu eit åtak på Cuba med utgangspunkt i Batista-tilhengjarar og eksilcubanarar i USA. Cuba og Sovjetunionen etablerer diplomatisk kontakt. Regjeringa med Fidel og Che i spissen nasjonaliserer raffineria til Texaco, Esso og Shell då dei nektar å raffinere olje som Cuba har kjøpt i Sovjetunionen. Som svar vel USA å sjå vekk frå ein inngått avtale om sukkerimport frå Cuba. Den cubanske regjeringa svarar med å nasjonalisere alle store USA-selskap på Cuba. USA svarar med å innføre ein delvis handelsblokade av Cuba. Cuba svarar med å nasjonalisere kvart einaste USA-selskap.
  • 1961 - USA bryt det diplomatiske sambandet med Cuba og forbyr amerikanske statsborgarar å reise til Cuba. Che blir industriminister og tar rolla som cubansk «hovudambassadør». Han vitjar mange sosialistiske land og land i den 3. verda. Som ein start på invasjonen i Grisebukta og for å svekke moralen i den cubanske folkesetnaden, angrip CIA-fly flyplassar i blant anna Havanna og Santiago de Cuba. Ein del menneske mistar livet. Som svar proklamerer Fidel Castro landet som ein sosialistisk republikk. Invasjonen i Grisebukta kjem 17. – 19. april 1961 og vert nedkjempa i løpet av 72 timar. Che er saman med ein forsvarsstyrke i provinsen Pinar del Río, mange mil frå Grisebukta. Nedkjempar ein mindre invasjonstropp av eksilcubanske Batista-tilhengjarar. Den cubanske regjeringa set i verk eit mangeårig program for å fjerne analfabetismen på Cuba.
  • 1962 - På initiativ frå USA blir Cuba ekskludert frå OAS (Organization of American States) og president John F. Kennedy innfører ein total amerikansk handelsblokade av Cuba (blokaden er framleis effektiv også i dag, pr. 2006). Både Castro og Che er overtydd om at ein USA-invasjon i full skala er i emning. Sovjetunionen sender - på oppfordring frå Castro og Che - atomrakettar til Cuba. Cuba-krisa er i gang. Sovjetunionen trekker rakettane attende etter eit munnleg løfte frå Kennedy om ikkje å angripe Cuba. Che har inga tru på eit munnleg løfte frå verdas største og mest brutale imperialistmakt, slik han ser det. Utfallet av Cuba-krisa gjer at Che blir enda meir kritisk til Sovjetunionen.
  • 1963 - «Fellespartiet for den Sosialistiske Revolusjonen» (PURS) blir danna på Cuba med Castro som leiar. Che blir medlem av sentralkomiteen i PURS.
  • 1964 - Che møter DDR-agenten Haydée Tamara Bunke (Tania) i Europa og drøftar tilhøva for ein kommande geriljaoperasjon i Bolivia. Tania skal flytte til La Paz i Bolivia. Che taler i FN, besøkjer Sovjetunionen og ei rekkje land i Afrika - medrekna Kongo.
  • 1965 - Che besøkjer Algerie og held den siste offentlege talen der han refsar Sovjetunionen for å vere ettergjeven ovanfor USA og det han kalla andre vestlege imperialistmakter. Che fråskriv seg alle posisjonar på Cuba. Han forlèt landet for å stø revolusjonar i land i den 3. verda. Reiser til Kongo. Rømmer landet etter 7 månader og reiser tilbake til Cuba på sterk oppfordring frå Castro. Che krev at opphaldet på Cuba skal haldast i løyndom. Førebur oppbygging av ein geriljahær i Bolivia. Kommunistpartiet på Cuba (Partido Comunista de Cuba) vert skipa. Spekulasjonane om kor Che oppheld seg aukar i styrke. Castro offentleggjer Che sitt avskjedsbrev.
  • 1966 - Dei første cubanske frivillige kjem til Bolivia for å førebu geriljakampanjen. Che møter fleire cubanske frivillige og trenar saman med dei i Pinar del Rio på Cuba. Under dekknamnet «Ramón Benítez» reiser han til Bolivia der han og dei frivillige opprettar hovudleiren i Camiri. Che møter partisekretær Mario Monje i det bolivianske kommunistpartiet. Dei forlèt kvarandre i usemje.
  • 1967 - Våren 1967 lykkast geriljaen i eit par overfall på bolivianske hæravdelingar. Ein tropp frå USA sine Green Berets og CIA-folk kjem til Bolivia for å trene den bolivianske hæren og delta i jakta på Che si geriljagruppe. Geriljaen erobrar landsbyen Sumaipata. OLAS (Organisasjonen for Latinamerikansk Solidaritet) held ein konferanse i Havanna der Che blir utnemnt til æresmedlem av styret. Ein desertør frå geriljaen fører den bolivianske hæren til geriljaen sin hovudleir. Dokument blir beslaglagde og dette fører til arrestasjon av geriljaens kontaktar i fleire bolivianske byar.
  • Hausten 1967 blir delar av geriljaen utsletta medan dei er i ferd med å krysse ei elv. Che og resten av geriljaen vert offer for eit bakhaldsåtak. Tre blir drepne og dei 17 gjenlevande blir sirkla inn av bolivianske hæravdelingar, CIA-folk og Green Berets. Etter ein desperat kamp blir Che såra og tatt til fange. Den 9. oktober blir han og to andre geriljamedlemmer myrda på ordre frå presidenten i Bolivia og Det kvite huset i Washington. Castro erklærer tre dagars landesorg på Cuba, og held ein minnetale for Che på revolusjonsplassen i Havanna med minst ein million tilhøyrarar.
  • 1968 - Tre cubanske overlevande frå Bolivia-geriljaen tar seg over Andesfjella, over grensa til Chile og returnerer til Cuba. Ein mikrofilm av Che si dagbok kjem til Havanna. Alle cubanske innbyggjarar får eit gratis eksemplar av dagboka.
  • 1997 - Restane av Che sin lekam vert funne under ei flystripe i Vallegrande i Bolivia og vert sendte til Cuba. Che Guevara vert ført til kvile i Santa Clara saman med seks andre falne frå Bolivia-kampanjen.