Tidssignalet frå Nauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antennene Nauen, 2004

Tidssignalet frå Nauen var eit fast innslag i NRK sine radiosendingar i åra før andre verdskrigen. Det vart sendt to gonger i døgnet kl. 13:00 og kl. 19:00. Det vart alltid annonsert med «Vi får tidssignalet fra Nauen». NRK fekk signalet frå: Grossfunkstelle Nauen, den eldste radiostasjonen i Brandenburg i Tyskland. Signalet varte i 30 sekund, først 25 sekund med korte impulsar, deretter ein lang tone på fem sekund.

Nauen kringkastar[endre | endre wikiteksten]

Nauen kringkastar vart oppretta i 1906 og har spelt ei viktig rolle i Tyskland. Før den fyrste verdskrigen hadde Tyskland allereie i 1911 gjennom denne kontakt med koloniane sine, mellom anna Togoland (no Togo) og Tysk Sørvest-Afrika (no Namibia). Britisk etterretning avlytta stasjonen under begge verdskrigane. Stasjonen overlevde andre verdskrigen utan alvorlege skadar, men han vart stengd av sovjetiske okkupasjonstyrkar etter 1945. Antennemastene på 200 meter vart rivne og all verksemd opphøyrde.

Nauen i dag[endre | endre wikiteksten]

Ein ny kortbølgjesendar med fire retningsantenner og fire 500 kW-sendarar vart bygde mellom 1995 og 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]