Tidssignalet fra Nauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antennene Nauen, 2004
Tidsur

Tidssignalet frå Nauen var eit fast innslag i NRKs radiosendingar i åra før andre verdskrig. Det vart sendt to gonger i døgnet kl. 13:00 og kl. 19:00 . Det vart alltid annonsert med «Vi får tidssignalet fra Nauen». NRK fekk signalet frå: Grossfunkstelle Nauen, den eldste radiostasjonen i Brandenburg i Tyskland. Signalet varte i 30 sekund, først 25 sekund med korte impulsar, deretter ein lang tone på fem sekund.

Nauen kringkastar[endre | endre wikiteksten]

Nauen kringkastar vart oppretta i 1906 og har spelt ei viktg rolle i Tyskland. Før første verdskrig hadde Tyskland allereie i 1911 gjennom denne kontakt med sina koloniar millom anna Togoland (no Togo) og Tysk Sørvest-afrika (no Namibia). Britisk etterretning avlytta stasjonen under begge verdskrigar. Stasjonen overlevde andre verdskrig utan alvorlege skadar, men vart stengt av sovjetiske okkupasjonstyrkar etter 1945. Antennemastene på 200 m vart reva og all verksemd opphøyrde.

Nauen i dag[endre | endre wikiteksten]

Ein ny kortbølgjesendar med fire retningsantenner og fire 500 kW sendarar vart bygd mellom 1995 og 1997.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]