Tidsskriftet Kapital

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kapital er eit norsk tidsskrift med redaksjon i Oslo som skriv nyhende om næringsliv, børs, finans og økonomisk politikk. Det vart stifta i 1971 av Trygve Hegnar, som enno er redaktøren til bladet. Bladet kjem ut annankvar torsdag.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kapital kom ut for første gong i 1971.[1] Det førte til ei total endring av norsk næringslivsjournalistikk, frå servil dekding til kritisk omtale.[2] Bladet er mellom anna kjent for si liste over dei 400 rikste i Norge, etter mål av den berømte lista til det amerikanske tidsskriftet Forbes. Det er òg kjend for portrettintervju skrivne av Niels Chr. Geelmuyden. Kapital har òg avslørt fleire kritikkverdige tilhøve i norsk nærings- og samfunnsliv. Mellom anna vart Finance Credit, dem største bedragerisaka i norsk historie, avslørt i Kapital. Den tøffe linja til bladet har medført fleire injuriesøksmål eller truslar om søksmål, men med unntak av OBOS-saka frå 1979 – etter at Kapital tidlegare hadde avslørt smøring i OBOS, men ikkje påvist at smøringa gav resultat – har bladet vunne alle sakene.

Fleire kjende personar har vore tilsett i Kapital gjennom tida. Det gjeld mellom andre Svein Støle frå meklarhuset Pareto, Knut Ivar Skeid og Odd Harald Hauge. Dei to sistnemnde starta Nettavisen saman.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Historien : Revolusjonerte næringslivsjournalistikken». Arkivert frå originalen 2017-09-30. Henta 30. september 2017. «“Det mangler et friskt, dog seriøst og virkelig informerende økonomisk tidsskrift i Norge”, uttalte Trygve Hegnar ved lanseringen av Kapital i mars 1971.» 
  2. Einar Lie (30. september 2017). «Næringslivsjournalistikken står i fare for å havne i et ekkokammer». Aftenposten. Henta 30. september 2017. «Endringen kom først med Trygve Hegnars Kapital, som fra 1970-tallet av presenterte kritisk, ofte personrettet journalistikk.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]