Punch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tidsskriftet Punch)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Punch (fleirtyding).
Punchframside frå 1841

Punch, or the London Charivari, eller berre Punch, var eit britisk illustrert vekeblad som inneheldt humor og satire. Det blei grunnlagd i 1841 og gjeve ut heilt til 1992. Det blei så gjeve ut att frå 1996, men avslutta heilt i 2002.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Punch blei grunnlagt i 1841 av Henry Mayhew, Mark Lemon og litografen Ebenezer Landells. Bladet hadde det franske satiriske tidsskriftet Le Charivari som førebilde.[1] Som tittelfigur og maskot hadde det den ville handdokka Mr. Punch. Økonomiske vanskar førte til at det blei selt til forleggjaren Bradbury and Evans i desember 1842.

Vekebladet hadde størst opplag i 1840-åra, men spelte ei betydeleg rolle i britisk kulturliv i fleire år. Etter ei årrekkje med dalande interesse blei det lagt ned i 1992.

I 1996 gjorde finansmannen Mohamad al-Fayed eit forsøk på å vekka bladet til live att, men omlegginga til eit moderne storbymagasin i stil med The New Yorker var mislukka, og det gjekk inn på nytt i 2002.

Bidragsytarar[endre | endre wikiteksten]

Fleire framståande teiknarar og forfattarar frå Storbritannia var knytte til Punch. Lista under viser eit utval av forfattarar og illustratørar som har bidrege med tekstar og teikningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Punch