Tidvassbølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Tidvassbølgje» kan også vise til ei bølgje i havet laga av tidvatnet, og til ei flodbølgje.
Tidvassbølgje i Cook Inlet i Alaska.
Tidvassbølgje i Petitcodiac i Canada.

Tidvassbølgje er eit fenomen som kan finna stad i tronge kanalar, som elvar og sund, med ein viss storleik på tidvasskilnaden, gjerne i samband med springflod. Det medfører at tidevatnet som kjem inn dannar ei eller fleire snøgge bølgjer som typisk har høge, fossande bølgjetoppar.

Bølgjene går to til tre gonger snøggare enn vanleg tidvatn, og held fram lengre. Dei har gjerne ei eller fleire tydelege bølgjetoppar som kan bryta, og kan også koma saman med eit tydeleg brus. Store og tydelege tidvassbølgjer er kjende under ulike namn.

Medan dei større tidvassbølgjene kan vera farlege for skipsfart i elva, blir dei også brukt av surfarar og sett på av turistar.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Ein finn tidvassbølgjer særleg ved munningen av større floder som Amazonas, Brahmaputra, Indus, Irrawaddy og Qiantang.

I Europa er tidvassbølgjer mindre vanlege, men ein finn dei mellom anna i Garonne og Seinen i Frankrike, Severn og Trent i England, og i den norske Saltstraumen.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Elv Plassering Namn Fart Høgd
Amazonas Brasil pororoca Opptil 25 km/t Opptil 4 meter
Araguari Brasil
Batang Lupar Malaysia, nær Sri Aman benak
Daly Australia, i Northern Territory
GangesBrahmaputra India og Bangladesh
Indus Pakistan
Mearim Brasil
Orinoco Venezuela macareo Opptil 21 km/t Opptil 4 meter
Qiantang Kina Opptil 40 km/t Opptil 9 meter
Seinen Frankrikre, strekninga mellom Rouen og havet mascaret eller la barre Sidan 1960-åra sterkt redusert av mudring.
Petitcodiac Canada, i Bay of Fundy i New Brunswick Tidlegare over 2 meter, sterkt redusert av utbygging.
Severn Storbritannia (Wales og England) Opptil 2 meter
Shubenacadie Canada, ved Bay of Fundy i Nova Scotia
Styx Australia, på Tasmania i Queensland
Trent Storbritannia, Humber i England Aegir Opptil 1,5 meter
Turnagain-armen av Cook Inlet USA, Alaska. Opptil 20 km/t Opptil 2 meter
Vilaine Frankrike le mascarin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]