Tidvasspytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidvasspyttar i Porto Covo i Portugal.

Tidvasspytt eller strandpytt er ein pytt danna av havvatn ved klipperike kystar der vatnet samlar seg i holrom i klippene. Mange av desse pyttane finst berre som separate vassmassar ved lågvatn.

I tidvasspyttar kan ein finna hardføre organismar som sjøstjerner, sjøroser og muslingar. Desse må tola endringar i vasstand, temperatur og salt- og oksygeninnhald. Vind, havstraumar, solstråling og predatorar kan alle utgjera farar.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Botanical Beach Tide Pools». British Columbia Parks. 5. september 2008. Arkivert frå originalen 24. juli 2008.