Tidvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjøre ved same hamn i Bay of Fundy.
Figur som syner innverknaden månen har på tidvatnet på jorda.
Klokke som viser kva tidvatn det er.
Foto: Matt Corks

Tidvatn er ei nemning på at nivået på havet stig og senker seg i høve til land. Det er mest månen, men og sola, si tiltrekkingskraft som skaper fenomenet.

Fjøre sjø eller lågvatn er når vatnet er på sitt lågaste. Flod, og kalla høgvatn, er når tidvatnet er på sitt høgste. Ei vasslinje ved gjennomsnittleg flod vert kalla eit flomål. Når ein går frå flod til fjøre vert det kalla ebbe. Tidsrommet mellom to høgvatn eller to lågvatn i norske kystområder er kring 12 timer og 25 min, dvs. eit halvt månedøgn. Dei største vekslingane i vasstanden skjer omtrent ved ny- og fullmåne og ca. 71/4 dagar før og etter springflod har ein den minste vekslinga i vasstanden (nippflod). Dei største vekslingane vert kalla spring, som springflod og springfjøre. Overgangen frå flo eller frå fjøre vert kalla straumkantring eller straumkentring.

I innhav og innsjøar er tidvatnet som regel heilt ubetydeleg.

Kombinasjonen av flod og kraftig vind, gjerne saman med eit kraftig lågtrykk, kan gje stormflod. Då når floda enda høgare enn normal springflod og kan skapa flaum. I ekstreme tilfelle har slik flaum gjort stor skade.

Atmosfæren er òg påverka av tidvasskreftene, såkalla tidluft eller atmosfærisk tidvatn, men effekten er små i forhold til andre faktorar i atmosfæren, som høgtrykk og lågtrykk.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Isaac Newton synte at tidvatnet kom som følgje av tyngdekrafta. Månen og sola trekkjer i vassmassane i havet, men sidan tiltrekkinga er avhengig av avstanden, er han sterkast på den sida som vender mot månen, slik at vatnet strøymer mot punktet der månen står i senit. På den motsette sida vil trekkinga vere svakare, og her vil vatnet strøyme mot det diametralt motsette punktet. Sidan jorda roterer vil ein få to høgvatn i døgnet. Sidan banane til månen og sola og ekvatorplanet til jorda alle dannar ein vinkle med kvarandre, i tillegg at avstanden mellom jorda, månen og sola varierer gjennom året, så vil den geografiske fordelinga av tidvatnet verte ganske komplisert. Månen er derimot nærast og har størst innverknad, slik at tidvatnet i hovudsak følgjer månedøgnet.

Vatnet kan ikkje strøyme fritt mot senitpunktet til månen på grunn av landområda rundt om på jorda. Det vert derfor danna fleire lange bølgjer, tidvassbølgjer, som forplantar seg langs kysten.

På same stad skjer flod og fjøre forholdsvis regelmessig med ei viss mengd timar og minuttar etter den øvre og nedre kulminasjonen til månen. Tidsrommet mellom månekulminasjonane og det påfølgjande høgvatnet vert kalla hamnetid og varierer frå stad til stad.

Astronomiske tidvatn[endre | endre wikiteksten]

Høgaste astronomiske tidvatn (HAT) er den høgaste vasstanden ein kan rekne seg fram til under middels meteorologiske tilhøve og ved alle moglege konstellasjonar mellom jord, måne og sol. I praksis reknar ein ut HAT ved å lage tidvasstabellar for 19 år, og plukke ut det høgaste tidvatnet. Høgaste astronomiske tidvatn er på sjøkarta referansenivået for høgder på bruer, luftspenn o.a.

Lågaste astronomiske tidvatn er den lågaste vasstanden ein på tilsvarande måte kan rekne seg fram til. Lågaste astronomiske tidvatn kan likevel vere høgre enn sjøkartnull.

Meteorologiske faktorar som vind og lufttrykk kan gje til dels store avvik frå det astronomiske tidvatnet, til dømes stormflod.

Tidevasskilnadar[endre | endre wikiteksten]

I ope hav er tidvasskilnadane som regel små. Topografien langs kysten av større landmassar får langt meir og sei for både tidspunkt og storleiken til tidvatnet. I bukter og elvemunningar kan til dømes skilnaden vere fleire meter. I Bay of FundyNova Scotia kan ein få ein skilnad opp mot 20 meter ved springflod og ved Avenmouth i Bristolkanalen opp mot 14 meter, medan St. Malo i Bretagne får opp mot 12 meter. I Noreg er tidvasskilnadane små på Aust- og Sørlandet, berre kring 35 cm ved Mandal i november. Oppover kysten av Vestlandet aukar tidvatnet og lengst nord i Noreg er skilnaden nesten tre meter.

På kart kan ein syne stader som har høgvatn samstundes med å trekkje så kalla kofase-linjer gjennom dei. Om kofase-linjene spring ut frå same sentrum, har ein eit amfidromisk punkt, der tidvasskilnadane alltid er lik null. Slike punkt kjem av interferens mellom fleire tidvassbølgjer.

Tidvasstraumar[endre | endre wikiteksten]

Når vatnet renn frå fjøre til flod og omvendt, får ein tidvasstraumar, som varierer i både styrke og retning. I sund og fjordar kan desse straumane bli særs sterke, som i Moskenesstraumen i Lofoten og Saltstraumen i Salten.

Tidvantet kan i enkelte område gå oppover elvar som ei stor, brytande bølgje kalla bore eller mascaret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]