Tieling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tieling
by
Scenery in Tieling New City part ii 01.jpg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina
Region Liaoning
Plasseringa av (gul) i Liaoning
Plasseringa av (gul) i Liaoning
Wikimedia Commons: Tieling
Rådhuset i Tieling

Tieling (kinesisk skrift 铁岭; pinyin Tiělǐng) er eit byprefektur nord i den kinesiske provinsen Liaoning. Byprefekturet har eit areal på 12 966 km² og hadde vel 3 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Tieling omfattar to distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Tieling er eit område med multietnisk befolkning, der majoritetsfolket han lever tett saman med ulike minoritetar. Til saman utgjer minoritetane av mandsjuar, koreanarar, mongolar, hui-folk, xibo, uigurar og russarar 23,2 % av det samla folketalet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Tieling er stoppestad på den viktige jarnvegen Jinghabanen som strekker seg frå Beijing til Harbin via mellom anna Tianjin, Tangshan, Shenyang og Changchun.

Kinas riksveg 102 går gjennom området. Han tek til i Beijing og fører gjennom provinsane Hebei, Liaoning, Jilin og Heilongjiang. Undervegs til Harbin er Vegen innom byane Qinhuangdao, Shenyang og Changchun.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]