Tiendpengeskatten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Side 1 av listene med Indect på sølff oc penninge skriven av Jørgen Hansson på Bergen kongsgard 1521

Tiendpengeskatten eller tiendpenningeskatten var ein ekstraskatt kong Kristian II kravde inn i 1521-22. Folk vart pålagde å betale tidelen av all fast og rørleg formue i skatt. I rekneskapsbøkene for Bergen kongsgard er listene over dei som betalte tiendpengeskatt tatt vare på. Desse skattelistene er den einaste kjelda som systematisk namngjev dei som budde langs kysten av Vestlandet og det nordafjelske Noreg mot slutten av mellomalderen.

Listene er mangelfulle i somme distrikt. Likevel er dei mykje brukte i lokalhistorisk litteratur, mange av dei eldste gardane er første gong nemnde i desse listene.

Skattelistene som historisk kjelde[endre | endre wikiteksten]

Skattelistene kan lesast på mikrofilm i Riksarkivet i Oslo. Handskrifta frå 1500-talet er jamnt over umogleg å lese for amatørar. Listene er utgjevne i bokform, i avskrift ved H.J. Huitfeldt-Kaas. Også her kan dei vere vanskelege å tolke.

Listene er sette opp geografisk. Dei inneheld oppgåver over innbetalt skatt, rekna i vegen eller tald tørrfisk, lodd sølv, mark pengar eller i eit anna betalingsmiddel. Vidare står namnet på skatteytaren, oftast med førenamn og patronym. Dei fleste futane har òg ført opp kor skatteytaren budde. Til sist kan det vere ført opp nokre merknader.

Nokre futar har arbeidd etter lister sett opp på førehand. På desse listene følgjer skatteytarane etter kvarandre i ein viss orden, gjerne geogafisk. Tiendpengeskatten var ein personskatt, ikkje ein gardsskatt, men han eller ho som stod ansvarleg for hushaldet betalte for alle som høyrde til i husstanden. Dei som ikkje hadde noko å betale med, har fått påskrifta nihil habet eller pauperrimus.

Andre stader er skattebetalarane førte opp etter kvart som dei har betalt. Då vert det vanskelegare å identifisere gardane, nokre gardsnamn finst på fleire stader i same området. Nokre gardsnamn kan vere forvanska, ikkje alle futane var like gode i norsk.

Ein og same skatteytar kan vere oppført på fleire lister, anten fordi han har betalt skatten med ulike betalingsmiddel, eller fordi han har betalt skatten i fleire omgangar.

Prestane er ikkje med på skattelistene, dei betalte sine skattar til biskopen. I hovudsak har futane fare over heile landet og kravd inn skatt, og vi må gå ut frå at alle skatteytarar er listeførte. Det er likevel lokale døme på at futar må ha oversett eller late vere å rapportere inn nokre innbetalingar.

Tiendpengeskatten vart kravd inn i 1521. Frå 1522 har vi lister over innbetalt restanse. Skattelistene gjeld det vestafjelske Noreg frå Lindesnes og nordover til og med Finnmark, og innlandet nord for Dovre. For Det austafjelske Noreg er skattelistene gått tapt.

Opplysningar vi kan lese ut av kjeldene[endre | endre wikiteksten]

  • På kysten frå Sunnfjord til Fosen betalte skattytarane i gjennomsnitt ein skatt verd 5,2 mark pengar.
  • I jordbruksbygdene i Trøndelag betalte bøndene i gjenomsnitt ein skatt ved 3,1 mark.
  • I Trondheim by var det 180 skattytarar som betalte ein gjennomsnittleg skatt verd 7,4 mark.
  • Helgeland var gjenomsnittleg skatteinnbetaling verd om lag 6,5 mark.
  • I Finnmark var verdien av skatteinnbetalingane i snitt verd 9 mark.

Vi kan òg finne opplysningar om verdsetjing av ulike varer. Ei vog råskjer var verd 1 1/2 mark pengar. Ein lodd sølv var verd ein mark. Eit revskinn var verd ein halv mark, eit oterskinn i overkant av ein mark - kanskje noko avhengig av kvaliteten.

Det er vanskeleg å rekne ut folketalet i ulike område ut frå desse listene, men busettingsmønsteret er tydeleg. Nord i landet budde det mest folk på kysten, færre inne i fjordane og lite eller ingen inne i landet.

Etter svartedauden sokk folketalet i Noreg, rundt år 1500 nådde talet på gardar lågmålet. Frå då av vart det etterkvart meir folk på gardane, og utover 1500-talet begynte folk igjen å rydje gardar som hadde lege aude. Det kan vere truleg at gardar som er nemnde i desse listene har vore busette frå høgmellomalderen og gjennom heile nedgangstida som følgde etter svartedauden.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede v/H.J. Huitfeldt-Kaas 1894
  • Audun Dybdahl, 2005: Tiendpengeskatten som kilde til folk og samfunn ca. 1520 : med alle skatteytere fra Sunnfjord til Namdalen
  • Årbok for Helgeland 2004: Tiendpengeskatten på Helgeland 1521-22