Tier’n & Lars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tier'n & Lars)

Tier’n & Lars var ein norsk hip hop-duo busett i Bergen. Dei var leiarfigurar i ATP Music, og var rekna som grunnleggjarar av den norske rap-sjangeren kjekkas-rap.

Tier’n & Lars bestod av dei to rapparane Fernando Manuel «Tier’n» Lopez og Lars Nesheim Vaular. Dei debuterte som medlemmar i gruppa Freakshow, som rappa på engelsk tidleg på 2000-talet. Tidleg tok dei til å eksperimentera med morsmålsrap, og dei fleste versa deira på Freakshow sin debut-mixteip «We are the champions» frå 2004 var på norsk.

På tampen av same året slapp dei to sin første mixteip som duo; «Frykt og avsky i Bergen». Her samarbeidde dei med store norske hiphop-namn som m.a. Tungtvann, Side Brok, Kleen Cut og F’EM one, og fekk god fagnad innanfor hiphop-miljøet. I platemeldingane av teipen vart omgrepet kjekkas-rap lansert, og det har vorte hengande som ei nemning for stilen deira.

Tidleg på hausten i 2005 kom mixteip/«gatealbumet« «Tilbake til stripa: Forberedelsen», der dei baserte seg utelukkande på original produksjon (frå Tier’n, Even Brenna, Anand, Leeroy, DJ Leven, I. Forgot, Harry West og Nja’al) og minimalt med gjestar. Albumet vart lagt ut på ATP Music sine heimesider for gratis nedlasting, og vart motteke godt av publikum.

Den 23. oktober 2006 sleppte duoen den offisielle albumdebuten sin, «Kulturclash».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Tilbake til stripa: Forberedelsen (2005)
  • Frykt og avsky i Bergen (2005)
  • Kulturclash

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

ATP Music Arkivert 2008-05-06 ved Wayback Machine.