Tiffany Porter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tiffany Ofili)
Tiffany Porter


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 13. november 1987 (36 år)
Ypsilanti
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 100 meter hekk kvinner

Tiffany Porter (fødd 13. november 1987), fødd Tiffany Ofili, er ein USA-britisk friidrettsutøvar fødd i Ypsilanti delstaten Michigan i USA. Ho representerte Storbritannia då ho i 2014 vann 100 meter hekk under Friidretts-VM i Zürich.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tiffany Ofili nådde ikkje opp mellom dei kvinnelege hekkeløparane i USA, og byrja frå 2011 å tevle for Storbritannia, fødelandet til mor hennar. Allereie same året vart ho nummer fire i VM-finalen på 100 meter hekk, sidan sprang ho som Tiffany Porter under VM 2013 i mål til bronsemedalje på personbeste 12,55 sekundar.

Midt i august 2014 tok Porter gullmedaljen ved europameisterskapen i Zürich med tre hundredels sekunds margin til nummer to. Ein månad seinare flytta ho den personlege rekorden til 12,51 sekundar i eit stemne i Marrakech. I EM 2016 vart Porter nummer tre på korthekken.

Porter er eldre syster til Cindy Ofili. Under Sommar-OL 2016 tok begge systrene seg til finalen på 100 meter hekk. Veslesystera var då best med ein fjerdeplass, Porter vart nummer sju.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]