Tiffany Porter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tiffany Porter

Tiffany Porter Istanbul 2012.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 13. november 1987
Ypsilanti
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Tiffany Porter (fødd 13. november 1987), fødd Tiffany Ofili, er ein USA-britisk friidrettsutøvar fødd i Ypsilanti delstaten Michigan i USA. Ho representerte Storbritannia då ho i 2014 vann 100 meter hekk under Friidretts-VM i Zürich.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tiffany Ofili nådde ikkje opp mellom dei kvinnelege hekkeløparane i USA, og byrja frå 2011 å tevle for Storbritannia, fødelandet til mor hennar. Allereie same året vart ho nummer fire i VM-finalen på 100 meter hekk, sidan sprang ho som Tiffany Porter under VM 2013 i mål til bronsemedalje på personbeste 12,55 sekundar.

Midt i august 2014 tok Porter gullmedaljen ved europameisterskapen i Zürich med tre hundredels sekunds margin til nummer to. Ein månad seinare flytta ho den personlege rekorden til 12,51 sekundar i eit stemne i Marrakech. I EM 2016 vart Porter nummer tre på korthekken.

Porter er eldre syster til Cindy Ofili. Under Sommar-OL 2016 tok begge systrene seg til finalen på 100 meter hekk. Veslesystera var då best med ein fjerdeplass, Porter vart nummer sju.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]