Tiggeroperaen
The Beggar's Opera | |||
| |||
Forfattar(ar) | John Gay | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Tilverting | 1727 | ||
Sjanger | balladeopera | ||
Utgitt | 18. hundreåret | ||
Uroppføring | 1728 |
Tiggaroperaen (engelsk The Beggar's Opera) er ein satirisk balladeopera skriven i 1728 av John Gay.[1] Musikken av Johann Christoph Pepusch[2] byggjer for det meste på populære, folkelege melodiar frå samtida, som balladar, opera-ariar, salmar og folkemusikk. Stykket var eit vasskilje i det britiske dramaet på 1700-talet og er det einaste dømet av den ein gong så blomstrande sjangeren balladeopera som framleis blir i dag sette opp. Balladeopera var satiriske musikkspel, eller farsar med innslag av musikk og dans, som nytta konvensjonane til operaen, men utan resitativet frå denne.[3][4]
Målet for satiren var mellom anna den leiande politikaren Robert Walpole, og den notorisk kriminelle Jonathan Wild. Operaen handlar òg om sosial urettvise i stor skala, i hovudsak ved å samanlikna «lågklasseborgere» som tjuvar og horer med dei aristokratiske motpartane deira.
Nøyaktig 200 år seinare, i 1928, skreiv Bertolt Brecht (ord) og Kurt Weill (musikk) ein musikal basert på Tiggeroperaen kalla Tolvskillingsoperaen.[5]
Stykket er gjendikta til norsk av André Bjerke.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The Contemplator's Short History of John Gay and the Beggar's Opera
- ↑ The Beggar's Opera, AllMusic
- ↑ Musical Background – Artikkel om ballad opera-sjangeren og spesielt om The Beggar's Opera.
- ↑ Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere, Vestens litteraturhistorie 2, Oslo, s. 14
- ↑ The Threepenny Opera, Benchtheatre
- ↑ Gay, John; Bjerke, André ([1728] 1977): Tiggeroperaen: en operaballade. Oslo: Aschehoug. ISBN 9788203088568.
- Denne artikkelen bygger på «Tiggeroperaen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- The Beggar's Opera, Renascence Editions
- The Beggar's Opera, Eighteenth-Century England Website, University of Michigan
- The Contemplator's Short History of John Gay and the Beggar's Opera