Tihamah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit kart over Tihamah-regionen vest på Den arabiske halvøya i grønt.

Tihamah eller Tihama (arabisk تهامة Tihāmah) syner til kystsletta i Arabia langs Raudehavet frå Akababukta til Bab el Mandeb-sundet.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen vert stundom delt inn i to delar, Tihamat Al-Hejaz (nord) og Tihamat ʿAsir (sør).[1] Den jemenske delen (Tihamat Al-Yaman) er ei forlenging av Tihamat ʿAsir.[2] Sletta er avgrensa og er på det breiaste (60 til 80 km) sør for Medina og sør for Mekka.[1]

Byane Yanbu, Jidda og Al Qunfudhah ligg i Hejaz-området av Tihamah. På den asirske og jemenittiske delen av Tihamah-sletta ligg byane Jizan og Al Hudaydah.

Temperaturane i Tihamah er truleg somme av dei høgaste på jorda. På arabisk tyder tihamah kraftig varme og mangel på vind.[3]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Det vart funne seksten megalittiske bautasteinar av Edward Keall, direktøren for Royal Ontario Museum under ein kanadisk arkeologiekspedisjon nær landsbyen al-Mutaynah i Tihamah-området. Steinane består av granitt og veg opp til 20 tonn. Tre av dei ståande steinane er 2,5 m høge med ein som har falle ned er over 20 meter lang. Koparreiskapar er datert til same tida som steinane vart reist, kring 2400 til 1800 fvt. Ein enno eldre steinalderindustri vart funnen i lag med potteskar datert til 1200 til 800 fvt.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Arabia», on Encyclopaedia Britannica. Henta 22. desember 2015
  2. «Jemen» på Encyclopaedia Britannica. Henta 22. desember 2015
  3. Dr. Shawqi Abu Khalil (2004). Atlas on the prophet's Biography. Darussalam. s. 31. ISBN 9960897710. Henta 22. desember 2015. 
  4. Harrington, Spencer., Jemeni Megaliths, Archaeology, the Archaeological Institute of America, 10. desember 1997