Tiina Suhonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiina Suhonen
Fødd1963 (61 år)
Verka somkunstnar, dokkemakar

Tiina Tuulia Katariina Suhonen (fødd i 1963) er ein finsk-norsk biletkunstnar og dokkemakar. Ho er utdanna som biletkunstnar ved Lahti Institute of Design, med vidareutdanning frå Statens kunstakademi i Oslo.[1][2]

Som dokkemakar har Suhonen spesialisert seg på å lage figurar for film og fjernsyn.

Dokkemakar[endre | endre wikiteksten]

For NRK har Suhonen utvikla tredimensjonale dokker av skisser som førestilte Fantorangen og Kuraffen. Ifølgje medieoppslag frå 2017 meinte Suhonen at NRK fekk ho til å utvikle Fantorangen på falske premissar, og at kontrakten hennar med NRK på papiret gjaldt eit dokkemakarkurs, men i realiteten førte til at ho framstilte den dokka som seinare vart ein stor suksess for NRK Barne-TV.[3]

Suhonen samarbeidar med dokkemakaren Sean Morrissey i firmaet Puppets.no, som held til i Oslo.[4]

Suhonen og Morrissey har blant anna laga figuren Garjá til den samiske barne-tv-serien Ruskekongen (nordsamisk Ruskagonagas[5]), som hadde premiere på NRK 7. januar 2013. Namnet «Garjá» betyr kråke på nordsamisk, og figuren er ei kråkejente.[6][7]

Dei har også utvikla barne-tv-figuren Brillebjørn i samarbeid med produksjonsselskapet Spark AS. Figuren har hovudrolla i tv-serien med same navn.[8][9][10] Den 23. mars 2018 hadde ein spelefilm med same figur premiere på norske kinoar. Filmen har tittelen Brillebjørn på bondegården, og var regissert av Maiken Marstrander.[11]

I 2018 hadde programserien til Ylvis-brørne Stories from Norway premiere på TVNorge. I ein episode som handla om Petter Northug var ei av rollene tildelt ei dokke laga av Tiina Suhonen. Dokka vart kalla «Kriserådgiveren» og skulle hjelpe Northug til å overvinne motgang.

Verv[endre | endre wikiteksten]

Den 14. oktober 2017 vart Suhonen vald inn som medlem av styret i Norsk Filmforbund.[12] Ho er også styremedlem i Sørnorsk filmsenter.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fantorangens och Brillebjørns, Norges populäraste handdockors, mamma är finländska Tiina Suhonen - Finlands ambassad, Oslo : Aktuellt». www.finland.no (på svensk). Finlands ambassad, Oslo. 13. oktober 2017. Henta 21. september 2018. 
  2. «Kalender: Tiina Suhonen i Kunstgaten». Hvaler Kunstforenings Høstutstilling 2016. Arkivert frå originalen 13. november 2017. Henta 13. november 2017. «TIINA SUHONEN er en kunstner som jobber med mange teknikker og formuttrykk. Hun kommer opprinnelig fra Finland, men har sin kunstutdannelse fra Statens Kunstakademi i Norge. Denne utstillingen viser blandete teknikker - foto, pastellmalerier, broderte malerier og skulptur.» 
  3. «Fantorangen-dukkemaker føler seg lurt av NRK». VG. 14. oktober 2017. Henta 13. november 2017. 
  4. «www.puppets.no/About». Puppets.no (på finsk). Arkivert frå originalen 13. mai 2018. Henta 12. mai 2018. 
  5. Larsson, Carl-Gøran (6. mai 2013). «Ruskekongens jakke er stjålet». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. mai 2018. «Når det gjelder Ruskagonagas selv, så er han veldig trist over å miste jakka si. Tidligere har han i serien mistet ovnen, den ble derimot funnet igjen av «Garjá», eller Kråka på norsk, som er søppelentusiastens kompanjong i serien.» 
  6. «NRK TV - Se Ruskekongen (episode 1:10)». Mánáid-tv - Samisk barne-tv (på norsk). 7. januar 2013. Henta 18. mai 2018 – via www.nrk.no. «Episodebeskrivelse: Heidi er opptatt av søppel og gjenbruk. Hun lager spennende ting av søppel som ingen ser nytte av. Vi møter også Ruskekongen som bor i søppelparadiset sitt. Han aner fred og ingen fare, men bak søppelhaugen lurer Kråka. (1:10)» 
  7. «UNIMA Norge på Instagram: “Gratulerer med dagen! Brillebjørnen og kråkejenta Garja er i feststemning på dukkemakerens verksted. Brillebjørnen er laget av Tiina…”». Instagram (på norsk bokmål). Henta 18. mai 2018. 
  8. «Brillebjørn bamse (Stor)». www.blafre.com. Arkivert frå originalen 13. mai 2018. Henta 12. mai 2018. «Full størrelse 53cm, sittehøyde 40cm. Dette er den faktiske størrelsen som Brillebjørn har i den kjente TV-serien / Utviklet i samarbeid med dukkemaker Tiina Suhonen, som også har laget den faktiske Brillebjørnen på NRK-Super» 
  9. «Brillebjørn bamse | NRK Butikken». www.nrkbutikken.no. Arkivert frå originalen 13. november 2017. Henta 13. november 2017. «Brillebjørn slik den er kjent fra TV-serien på NRK Super. Utviklet i samarbeid med dukkemaker Tiina Suhonen. Full av fantasimagi og masse sjarm!» 
  10. «Fantorangens och Brillebjørns, Norges populäraste handdockors, mamma är finländska Tiina Suhonen - Finlands ambassad, Oslo : Aktuellt». www.finland.no (på svensk). 13. oktober 2017. Henta 18. mai 2018. 
  11. «Brillebjørn på bondegården - 2018». Filmweb.no (på norsk bokmål). Henta 18. mai 2018. 
  12. «Styret». filmforbundet.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 13. november 2017. Henta 13. november 2017. «Styret består av følgende personer: (Oppdatert etter gjennomført valg på årsmøte 14.10.2017)» 
  13. «Styre- og varamedlemmer » Sørnorsk filmsenter». sornorskfilm.no (på norsk bokmål). Henta 13. november 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]