Tikhvinka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tikhvinka
elv
Huset ved Tikhvinka er fødestaden til komponisten Rimskij Korsakov
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 140 km²
Lengd 144 km
Middelvassføring 19,7 /s
Munning Sias
Kart
Tikhvinka
59°34′25″N 34°30′39″E / 59.57375°N 34.510888888889°E / 59.57375; 34.510888888889
Wikimedia Commons: Tihvinka River

Tikhvinka (russisk Ти́хвинка, finsk Tihvinä) er ei elv i Leningrad oblast i Russland og ei av sideelvane til Sias frå venstre. Elva er 144 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 140 km².

Elva renn frå innsjøen Eglino og inneheld mange stryk. Elva har vorte retta opp og 48 sluser vart bygd langs elva, men desse er ikkje i drift lenger og mange er øydelagde.

16 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 19,7 m³/s. Elva frys til i midten av november eller fram til tidleg i januar og vert isfri att i april eller tidleg i mai.

Byen Tikhvin og Tikhvin Maria kloster ligg langs elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]