Bort, Verdens Jule-Glæde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Til høgtid no seg samle)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hvor kunde nogen mene,
Som har naturlig Sands,
At vi vor GUD kand tiene
Med syndig Drick og Dantz;

Frå 3. verset av «Bort, Verdens Jule-Glæde»

«Bort, Verdens Jule-Glæde» er opningssalmen i den fyrste salmesamlinga Hans Adolph Brorson gav ut; Nogle Jule-Psalmer (Gud til Ære og Christne-Siæle, i sær sin elskelige Meenighed til Opmuntring Til den forestaaende Glædelige Jule-Fest Eenfoldig og i Hast sammenskrevne av H.A.B.) (1732).

Salmen er eit åtak på den verdslege julefeiringa, og ei oppmoding om å feie vekk gamle juleskikkar, og heller samle seg om stallen i Betlehem. Salmen tonar ut med ei bøn om at «Psalmerne kand klinge / I hvermands Huuß og Boe!» I overskrifta er det vist til Kol. 3,16-17[1] og Luk. 2,15.[2]

A.G. Rudelbach skreiv om salmen at han er eit døme på at det individuelt etiske skugger for det hymniske. Salmen vart då heller ikkje teken med i seinare salmesamlingar før Andreas Hauge tok han med i si Psalmebog for Kirke og Hus (1874).

Salmen har 9 vers, dei to siste var med i Landstads Kirkesalmebok. Desse er omsett til nynorsk av Matias Skard (1904) og tekne inn i Nynorsk Salmebok og Norsk Salmebok som nr. 10, «Til høgtid no seg samle». Denne salmen vert sungen til ein tone av H.O.C. Zinck frå 1801. Opphavleg var meloditilvisinga «Hjertelig mig nu længes».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]