Till the End of the Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Till the End of the Day
Singel av The Kinks
frå albumet The Kink Kontroversy
B-side Where Have All the Good Times Gone
Utgjeve
  • 19. november 1965 (Storbritannia)
  • 2. mars 1966 (USA)
Innspelt 23–30. oktober 1965
Studio Pye Studios (nr. 2), London
Sjanger Rock
Lengd 2:20
Selskap
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
Britisk The Kinks-kronologi
See My Friends
(1965)
Till the End of the Day Dedicated Follower of Fashion
(1966)
Amerikansk The Kinks-kronologi
A Well Respected Man
(1965)
Till the End of the Day Dedicated Follower of Fashion
(1966)


«Till the End of the Day» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies og gjeve ut som singel i 1965 og seinare på albumet deira The Kink Kontroversy.

Singelen avslutta eit særs suksessrikt år for The Kinks. Songen baserer seg rundt powerakkordar, som mange av dei tidlege hittane til bandet, og var den siste bandet gav ut innan denne stilen. Med «Where Have All the Good Times Gone» som B-side nådde songen Topp 10 i Storbritannia. Songen er ikkje like manisk som «You Really Got Me» eller «All Day and All of the Night», men har likevel ein tung rytme frå Mick Avory og start-stopp-gitarar. Ray Davies syng om fridomen han finn i rock and roll-livet, og syng lystig «Yeah, you and me / We live this life / From when we get up / Till we go to sleep at night / You and me we’re free / We do as we please, yeah / From morning, ‘till the end of the day». Mot slutten av songen går songen inn i dobbelt tempo. Songen vart nytta som opningsnummer på konsertane deira framover i mange år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]