Tilla Valstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tilla Valstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. juli 1871
Tønsberg
Død

5. august 1957 (86 år)

Yrke journalist, skribent
Språk norsk
Ektefelle Otto Valstad

Mathilde Georgine Valstad, oftast kalla Tilla, (31. juli 18715. august 1957) var ein norsk forfattar. Ho var fødd i Tønsberg, med etternamnet Christiansen, og døydde i Asker.

Tilla Christiansen utdanna seg til lærar ved den private Nissen Lærerinneskole i Kristiania, og arbeida fyrst som lærar i Tønsberg. Her gifta ho seg med boden og møbelsnikkaren Otto Valstad (1862-1950) frå Hvalstad i Asker, og dei flytta til Kristiania, året etter til Øvre Valstad i Asker, som var garden Otto var oppvaksen på. Der vart dei næraste grannane til Hulda og Arne Garborg. Ei rad kunstnarar, forfattarar og kulturpersonlegdomar busette seg i dette området, som difor vart kalla på folkemunne både Kunstnardalen og Målkroken, då mange av dei var kjende personar som brukte og arbeidde for landsmålet og norsk folkeleg kultur, og hadde heimane til ektepara Valstad og Garborg som samlingsstader: Garborg, Rasmus Løland, Rasmus Steinsvik, Olav Nygard og andre.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4
  • Nilsen, Karl, 2019 (1979), Blant kunstnere i det gamle Asker, 2. utgåva, redigert at Randi Gunderson Malm, Asker og Bærum Historielag, ISBN 978-82-90095-23-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]