Tilsetjingsstoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tilsetjingsstoff, også kalla e-stoff er kjemiske stoff som er lovlege å nytta i matvarer. Det finst om lag 340 tilsetjingsstoff som har fått kvart sitt E-nummer. Det tyder at EU har gitt dei permanent eller mellombels godkjenning.

Tilsetjingsstoffa vert som regel klassifiserte etter funksjon jamfør lista under. Eitt og same tilsetjingsstoff har gjerne meir enn ein funksjon. Til dømes er askorbinsyre (E300) både ein antioksidant, ei syre og eit mjølhandteringsmiddel.

Liste over funksjonsområde[endre | endre wikiteksten]

  • Antiklumpemiddel
  • Antioksidant
  • Drivgass
  • Fargestoff
  • Hevemiddel
  • Konsistensmiddel
  • Emulgator
  • Fortjukningsmiddel
  • Fuktvarande middel
  • Fyllmiddel
  • Geleringsmiddel
  • Modifisert stive
  • Stabilisator
  • Konserveringsmiddel
  • Mjølhandteringsmiddel
  • Overflatehandteringsmiddel
  • Smaksforsterkar
  • Skumdempande middel
  • Smeltesalt
  • Syregradsregulerande middel
  • Syre
  • Søtstoff
    Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.