Tiltaleform

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tiltaleform er ord og vendingar ein brukar for å retta seg til og snakka med personar.[1] Dette kan vera ulike personlege pronomen, titlar og frasar. Tiltaleformer kan brukast til å uttrykka ulike grader av nærleik, respekt og rang mellom personar.

På nynorsk bruker ein gjerne tiltaleformene «du» for ein og «de» for fleire personar og «De» som ei høfleg form ved sjeldne høve. I dansk-norsk kultur byrja ein på 1600- og 1700-talet å bruka «han» og «ho» («hun») som tiltaleformer, etter mønster frå tysk. Seinare blei De, Dem og Deres eller «De» og «Dokkar/Dykkar» meir utbreidd.[2]

Ein kan også nytta relasjonsnemningar (som mor, far, tante, morfar) eller titlar (rektor, professor, doktor) som tiltaleformer, evntuelt saman med namne til personen ein tiltalar. Ulike tiltaleformer er knytte til ulike titlar knytte til embete eller rang. Ofte kan desse også ha ei liknande omtaleform, som ein bruker når ein snakkar om personen. Tiltaleformer har ofte bakgrunn i lov eller sedvane, og er gjerne knytt til monarki, adel og styresette. Dei blir nytta for presidentar i republikkar, og i mange land for parlamentsmedlem, dommarar og høgare embetsmenn. Geistlege leiarar har også tiltaleformer.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Geistlege[endre | endre wikiteksten]

  • Dykkar nåde[3]

Rettsvesen[endre | endre wikiteksten]

  • Høgsteretten: Høgst velvørde rett, øvste dommarane i riket[4]
  • Andre domstolar: Vørde rett, ev. vørde lagmannsrett o.l.

Monarki[endre | endre wikiteksten]

  • Konge: Herre Konge, Dykkar/Dokkar Majestet (omtale Hans Majestet (H.M.),Hans Majestet Kongen, Hans Majestet kong [namn], kongen, kong [namn] )[5]
  • Konge og dronning: Dykkar/Dokkar Majestetar (omtale Dei Høgvørde Kongelege)
  • Kronprins og kronprinsesse: Høgvørde/Høgvyrde Kronprins/Kronprinsesse (omtale Dei Høgvørde Kongelege (DD.HH.KK.), Den Høgvørde Kronprinsen/Kronprinsesse)
  • Prins og prinsesse: Høgvørde/Høgvyrde Prins/Prinsesse, prins/prinsesse [namn] (omtale Den Høgvørde Prinsen/Prinsessa, prinsen/prinsessa)

Republikkar[endre | endre wikiteksten]

  • President: Dykkar Eksellense (omtale Hans/Hennar Eksellense, forkorting H.E.), regjeringsmedlemmer og ambassadørar

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

  • The Most Honourable (forkorta The Most Hon.) – markiar
  • The Right Honourable (forkorta The Rt. Hon.) – medlemm av Det kongelege rådet
  • The Honourable (forkorta The Hon.) – parlamentarikarar som ikkje er medlem av Det kongelege rådet
  • My Lord/Lady, Your Lordship/Ladyship (Min Herre/Frue) – baronar og baronesser, jarlar (grevar) og grevinner, markiar og markiser.
  • Your Grace (Dykkar Nåde) – hertugar og hertuginner som ikkje er del av kongefamilien.
  • Sir/Dame [fornamn] – riddarar og baronettar/baronettesser.

USA[endre | endre wikiteksten]

  • The Honorable (forkorta The Hon.; tiltale: Your Honor) – dommarar, borgarmeisterar, regjeringsmedlemmer, tidlegare presidentar
  • Hans/Hennar Eksellense (forkorta H.E.; tiltale: Dykkar Eksellense) – guvernøren i Massachusetts og Connecticut

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «tiltaleform» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «tiltaleform | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 17. desember 2020 
  3. «nåde» i Nynorskordboka.
  4. Karl Arne Utgård (2002). Juridisk og administrativ ordliste. Det Norske Samlaget. ISBN 9788252159301. 
  5. «Titlar på norske kongelege», Språkrådet (på norsk), henta 17. desember 2020