Timandus Løberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Timandus Løberg
Fødd 29. januar 1819
Død

3. april 1882

Yrke lege, politikar

Timandus Jonas Løberg (29. januar 18193. april 1882) var ein norsk lege frå Kongsberg. Han var stortingsrepresentant frå Bergen i tre valperiodar i tida 1865-76. Ole Løberg var ein eldre bror.

Far til Timandus Løberg var bokhaldar ved Kongsberg sølvverk. Sjølv vart han student i 1838 og cand.med. i 1845. Same året byrja han som lege i Bergen, frå 1849 underlege ved Lungegaardshospitalet og St. Jørgens hospital. I 1857 vart han lege ved pleiestiftelse for spedalske nr 1. Året etter vart han tilsett som overlege for den spedalske sjukdom i «søndre distrikt», frå 1863 for heile Noreg, heile tida med base i Bergen. Frå 1875 var han direktør ved Rikshospitalet i Kristiania til like før han døydde i 1882.

Løberg var stortingsmann 1865-66 og 1871-76 frå Bergen, heile tida medlem i Budsjettkomiteen. Han var i 1872 med i stortingsdeputasjonen ved tusenårsfeiringa i Haugesund. Frå 1866 til -75 var han medlem av Bergen bystyre i tida 1866-75, fem av åra i formannskapet. Løberg var elles formann i ein offentleg kommisjonen som skulle kom med framlegg til tiltak for vårsildfiskarane. Og 1877-80 var han medlem i byggjenemnda for eit nytt rikshospital.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]