Time Vaults

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Time Vaults
Samleplate av Van der Graaf Generator
Utgjeve 1982
Innspelt Crowborough 1972, Ross-on-Wye 1972, Rockfield 1973/1974 og Norton Canon 1975
Sjanger Progressiv rock
Lengd 45:18
Selskap Sofa Sound (opphavleg kassett SS3)
Van der Graaf Generator-kronologi 
Vital
(1978)
Time Vaults Maida Vale
(1994)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Time Vaults er eit samlealbum av Van der Graaf Generator. Det kom opphavleg berre ut på kassett i 1982, nesten fire år ette rVan der Graaf Generator vart oppløyst i 1978. Seinare vart det gjeve ut på vinyl og i 1992 kom det på CD.

Albumet inneheld unytta opptak og øvingsopptak frå perioden 1972 til 1975, då bandet hadde ein pause. Innspelingane «har ikkje studiokvalitet»[2], og somme av dei har ganske dårleg lyd med støy. Mellom anna inneheld albumet opptak frå dei første øvingane til Van der Graaf Generator då dei var komen saman att i 1975, som «Rift Valley». Øvingsversjonane av «Roncevaux» og «Black Room» er frå opptak i 1972, og var opphavleg meint for innspeling for det neste albumet deira i 1972.

«Coil Night» vert framført med Peter Hammillpå bassgitar og David Jackson på piano. Tittelsporet «Time Vaults» bestod av fleire stykke som ikkje var gjevne ut før blanda med studioprat. Ein annan versjon av «Black Room» kom ut på soloalbumet til Peter Hammill, Chameleon in the Shadow of the Night. «Faint and Forsaken» er ein kombinasjon av instrumentalpartiet i «Forsaken Gardens» og «Faint-Heart and the Sermon», og versjonar av desse kom ut på Hammill-albuma The Silent Corner and the Empty Stage og In Camera.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Liquidator»Hammill5:24
2.«Rift Valley»Hammill, Jackson, Evans4:40
3.«Tarzan»Hammill, Jackson, Evans, Banton2:09
4.«Coil Night»Jackson4:12
5.«Time Vaults»ikkje oppført3:33
6.«Drift (I Hope It Won't)»Banton2:40
7.«Roncevaux»Hammill6:55
8.«It All Went Red»Hammill4:07
9.«Faint and Forsaken»Hammill2:45
10.«Black Room»Hammill8:52

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Van der Graaf Generator

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prato, Greg (2011). «Time Vaults - Van der Graaf Generator | AllMusic». allmusic.com. Henta 3. juli 2011. 
  2. Notat i plateomslaget av Peter Hammill for «Time Vaults», cd (1992). Thunderbolt.