Time av Freddie Mercury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Time
Singel av Freddie Mercury
frå albumet Time
B-side

«Time (Instrumental version)» (3:20)

Utgjeve 6. mai 1986
Innspelt 1986
Sjanger Pop
Lengd 2:57 (Original Time)

3:50 (singel) 4:35 (Extended mix)

Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Dave Clark, Jeff Daniels
Produsent Dave Clark, Freddie Mercury
Freddie Mercury-kronologi 
«Love Me Like There's No Tomorrow»
(1985)
Time «The Great Pretender»
(1987)


«Time» er ein song frå 1986, spelt inn av Freddie Mercury i lag med «In My Defence», for Dave Clark-musikalen med same namn. Sjølv om Mercury ikkje deltok i sjølve musikalen, var begge songane med på musikalalbumet. «Time» vart òg gjeven ut som ein eigen singel, med ein instrumental versjon av songen som B-side. Singelen nådde 32. plassen på UK Singles Chart.[1] Singelversjonen vart sidan gjeven ut i plateboksen The Solo Collection frå 2000 og samlealbumet Lover of Life, Singer of Songs: The Very Best of Freddie Mercury Solo frå 2006.

Musikkvideoen vart filma i Dominion Theatre i London, der musikalen hadde premiere den 9. april 1986. Sidan teateret var oppteke det meste av dagen, var det berre tid til å filme videoen om morgonen, så Mercury og den austerrikske produsenten Rudi Dolezal måtte møte opp kl. 0600 om morgonen.[2]

Remiksar[endre | endre wikiteksten]

  • «Time (Nile Rodgers 1992 Remix)» er ein redigert versjon av songen for samlealbumet The Freddie Mercury Album frå 1992 og Solo Collection. Han har erstatta pianoet med ein gitar.
  • «Time (2000 Remix)» er nesten identisk til singelversjonen, bortsett frå at han manglar noko perkusjon. Han finst berre på plateboksen Solo frå 2000.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Freddie Mercury, UK Chart Peak Positions». Official Charts (United Kingdom). Henta 3. april 2016. 
  2. Jacky Gunn & Jim Jenkins. Queen: As It Began. Sidgwick & Jackson. s. 246. ISBN 978-88-7966-378-6. Henta 1. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]