Time av Rod Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Time
Studioalbum av Rod Stewart
Utgjeve 3. mai 2013[1]
Innspelt 2012–2013
Studio Satinwood Studios i Santa Clarita i California; The Celtic Place i Los Angeles; Sunset Sound i Los Angeles; RAK Studios i London; Echo Beach Studios i Florida og Bridge Recording i Glendale i California
Sjanger Rock
Lengd 50:10
Selskap Capitol, Decca, UCJ[2]
Produsent Rod Stewart, Kevin Savigar (medprodusent)
Rod Stewart-kronologi
Merry Christmas, Baby
(2012)
Time Another Country
(2015)
Singlar frå Time
  1. «She Makes Me Happy»
    Utgjeve: 19. mars 2013
  2. «It's Over»
    Utgjeve: 19. mars 2013
  3. «Brighton Beach»
    Utgjeve: 5. mai 2013
  4. «Can't Stop Me Now»
    Utgjeve: 4. september 2013

Time er det 28. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut 3. mai 2013 i Storbritannia, 8. mai 2013 i Japan med tittelen «Time: Toki no Tabibito» (タイム~時の旅人~),[2] og 7. mai 2013 i USA og Canada.[3] Albumet gjekk inn på topp 10 i USA og gjekk rett inn på toppen av UK Albums Chart, og sette ny britisk rekord for lengste periode mellom to listetoppande album av ein artist, sidan det førre albumet hans som nådde toppen av denne lista var A Night on the Town i 1976.[4] Albumet selde til platina i Storbritannia den 16. august 2013 og dobbelplatina den 29. desember 2017.[5] Totalt sett var albumet det sjuande bestseljande albumet i 2013 i Storbritannia.[6] I USA selde albumet 141 000 eksemplar innan september 2015.[7]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

«It's Over» var den første singelen frå albumet i Europa og nådde 91. plassen på UK Singles Chart. I Nord-Amerika var den første singelen «She Makes Me Happy», som nådde 12. plassen på Billboard Adult Contemporary-lista. Det vart laga musikkvideoar til begge singlane, regisserte av Cameron Duddy. Den tredje singelen, «Brighton Beach», kom ut kort tid etter, med musikkvideo regissert av Zach Merck. «Beautiful Morning» kunne opphavleg lastast ned digitalt i 2012 via ein kode i CD-heftet til julemusikkalbumet Merry Christmas, Baby, men denne hadde ein annan miks enn den som kom ut på albumet Time.

I Storbritannia vart det gjeve ut ei dobbel luksusutgåve den 2. desember 2013. Denne inneheld konsertopptak frå konserten hans i 2013 på The Troubadour i West Hollywood. Konsertopptaka omfatta seks songar frå Time i tillegg til tidlegare hittar. Før denne doble utgåva kom ut, vart «Can't Stop Me Now» gjeven ut på singel og nådde 22. plassen på den amerikanske Billboard Adult Contemporary-lista og 199. plassen på UK Singles Chart. «Sexual Religion» vart òg gjeven ut på singel i USA, er han nådde 45. plassen på Billboard's «Dance/Club Songs»-lista.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «She Makes Me Happy»  Rod Stewart, Chuck Kentis, Don Kirkpatrick, Conrad Korsch, David Palmer og Paul Warren 3:44
2. «Can't Stop Me Now»  Rod Stewart og Kevin Savigar 4:26
3. «It's Over»  Rod Stewart, Kevin Savigar og John 5 4:19
4. «Brighton Beach»  Rod Stewart og Jim Cregan 4:25
5. «Beautiful Morning»  Rod Stewart, Kevin Savigar, Chuck Kentis, Don Kirkpatrick, Conrad Korsch, David Palmer o Paul Warren 3:58
6. «Live the Life»  Rod Stewart, Chuck Kentis, Don Kirkpatrick og Jessica Rousseau 4:26
7. «Finest Woman»  Rod Stewart, Kevin Savigar og Emerson Swinford 3:54
8. «Time»  Rod Stewart, Kevin Savigar og Emerson Swinford 4:26
9. «Picture in a Frame»  Tom Waits og Kathleen Brennan 2:53
10. «Sexual Religion»  Rod Stewart og Kevin Savigar 4:45
11. «Make Love to Me Tonight»  Rod Stewart, Chuck Kentis, Don Kirkpatrick, Conrad Korsch, David Palmer og Paul Warren 3:44
12. «Pure Love»  Rod Stewart og Kevin Savigar 5:10
Bonusspor på den britiske utgåva og iTunes
# Tittel Lengd
13. «Corrina Corrina»   3:26
14. «Legless»   3:50
15. «Love Has No Pride»   4:04
Eksklusive bonusspor for Target
# Tittel Lengd
13. «Here Comes the Night»   3:28
14. «Cold Water»   3:59
15. «Shake Your Moneymaker»   2:40
Bonusplate for den britiske luksusutgåva - Live frå The Troubadour i Vest-Hollywood i 2013
# Tittel Lengd
1. «Can't Stop Me Now»   4:14
2. «Forever Young»   4:36
3. «It's Over»   4:43
4. «Rhythm of My Heart»   6:11
5. «Finest Woman»   4:19
6. «You Wear It Well»   3:42
7. «She Makes Me Happy»   3:55
8. «Have I Told You Lately»   4:47
9. «Brighton Beach»   4:47
10. «Sexual Religion»   5:16

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Australske album (ARIA)[9] 6
Austerrikske album (Ö3 Austria)[10] 7
Belgiske album (Ultratop Flandern)[11] 45
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[12] 52
Kanadiske album (Billboard)[13] 4
Danske album (Hitlisten)[14] 17
Nederlandske album (MegaCharts)[15] 34
Tyske album (Media Control)[16] 4
Ungarske album (MAHASZ)[17] 25
Irske album (IRMA)[18] 3
Italienske album (FIMI)[19] 29
Japanske album (Oricon)[20] 25
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[21] 5
Norske album (VG-lista)[22] 25
Polske album (ZPAV)[23] 12
Skotske album (OCC)[24] 1
Sørafrikanske album (RISA)[25] 20
Spanske album (PROMUSICAE)[26] 16
Svenske album (Sverigetopplistan)[27] 7
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[28] 12
Britiske album (OCC)[29] 1
US Billboard 200[30] 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ROD STEWART | Time (Deluxe Edition) | Diskografie». Universal Music Deutschland. Henta 4. mai 2013. 
  2. 2,0 2,1 Time av Rod Stewart (Universal Music Japan)
  3. Rod Stewart counts down to 7. mai release of 'Time', USA Today, Korina Lopez, 19. mars 2013. Henta 7. juni 2018
  4. Kreisler, Lauren. «Rod Stewart enjoys first Number 1 album in nearly 40 years!». Official Charts Company. Henta 7. juni 2018. 
  5. «BPI Awards». BPI. Henta 16. januar 2018. 
  6. «2013 Year End UK Albums Chart». officialcharts.com. Official Charts Company. 
  7. «Upcoming Releases». Hits Daily Double. HITS Digital Ventures. Arkivert frå originalen 17. september 2015. 
  8. «Billboard Dance Club Songs». 
  9. "Rod Stewart – Time". Australiancharts.com. Hung Medien.
  10. "Rod Stewart - Time" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  11. "Rod Stewart – Time" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  12. "Rod Stewart – Time" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  13. "Rod Stewart Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Rod Stewart. Prometheus Global Media.
  14. "Rod Stewart – Time". Danishcharts.com. Hung Medien.
  15. "Rod Stewart – Time". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  16. "Rod Stewart - Time". Charts.de. Media Control.
  17. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  18. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA.
  19. "Rod Stewart – Time". Italiancharts.com. Hung Medien.
  20. "Oricon Top 50 Albums" (på japansk). Oricon.
  21. "Rod Stewart – Time". Charts.org.nz. Hung Medien.
  22. "Rod Stewart – Time". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  23. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry.
  24. "2013-05-20 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  25. «Sør-Afrikan Top 20 Albums Chart». RSG (Recording Industry of Sør-Afrika). Arkivert frå originalen 2. august 2013. 
  26. "Rod Stewart – Time". Spanishcharts.com. Hung Medien.
  27. "Rod Stewart – Time". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  28. "Rod Stewart – Time". Swisscharts.com. Hung Medien.
  29. "2013-05-20 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  30. "Rod Stewart Album & Song Chart History" Billboard 200 for Rod Stewart. Prometheus Global Media.