Timian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timian
Thymus vulgaris 54555.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Nepetoideae
Slekt: Timian Thymus
L., 1753

Timian (Thymus) er ei slekt i leppeblomfamilien med om lag 350 artar. Desse veks i Europa, Midt-Austen og Nord-Afrika Timian er ein dvergbusk som kan verta eit par desimeter høg.

Kryptimian (T. serpyllum) veks vilt i Noreg.

Vanleg timian (Thymus vulgaris) og sitrontimian vert mykje brukt som krydder. T. pseudolanuginosus og T. serpyllum eigner seg derimot ikkje som krydder, men er populære hagevekstar.

EIn nytter timian mellom anna til å smakssetja kjøt, supper og stuingar. I fransk matlaging blir urta mellom anna brukt i bouquet garni og i Herbes de Provence. Timian er også viktig i karibisk og i middelhavsmat. Den jordanske krydderblandinga zahtar inneheld timian.

Timian har også vore brukt som medisinplante, mellom anna mot hoste og sår hals. Planten inneheld stoffet thymol. Dette verkar antiseptisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Timian