Timnadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timnadalen
dal
Sandsteinklipper i Timnadalen med Salomosøylene.
Land  Israel
Distrikt Sør
Koordinatar 29°47′16″N 34°59′20″E / 29.78778°N 34.98889°E / 29.78778; 34.98889
Kart
Timnadalen
29°47′16″N 34°59′20″E / 29.78777778°N 34.98888889°E / 29.78777778; 34.98888889
Wikimedia Commons: Timna valley

Timnadalen er ein dal sør i Israel sørvest i Arabah, kring 30 km nord for Akababukta og byen Eilat. Området er rikt på koparmalm som har vore brote her sidan 4000-talet fvt. Det er omstridd om gruvene var i drift under Kongedømet Israel og den bibelske Kong Salomo.[1]

I store delar av dalen finne in restar etter koparbryting frå antikken, som i dag er ein del av ein fritidspark.

I juli 2011 godkjende israelske styresmakter å byggje den internasjonale flyplassen Timna lufthamn i Timnadalen.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gruveinngang.

Koparbryting[endre | endre wikiteksten]

Det har vore brote kopar i området sidan minst 4000-talet fvt.[3] Arkeologiske utgravingar indikerer at kopargruvene i Timnadalen truleg var ein del av kongedømet Edom og vart drivne av edomittarane, som i Bibelen er skildra som fiendar av israelittane,[4] på 900-talet fvt. Ben-Yosef skriv at «Gruvene er definitivt frå perioden kring kong Salomo[5] Gruvene vart drivne framover av israelittar og nabatearar gjennom den romersk perioden til 100-talet evt., og så av omajjadane frå ARabia etter den arabiske erobringa (600-talet evt.) fram til det vart mindre av koparmalmen.[6]

Kopar nytta vart nytta til pynt, men meir viktig var det at det vart nytta innan steinskjering, som sager, i lag med sand.[7]

Nyare utgravingar daterer kopargruvene til 900-talet fvt. og det er gjort funn av kamelbein, som kan indikere dei første teikna på temming av desse dyra i Israel eller til og med utafor Den arabiske halvøya, datert til kring 930 fvt. Dette vert sett på som bevis for at sogene om Abraham, Josef, Jakob og Esau vart skriven etter denne tida, sidan Bibelen ofte refererer til reisande med karavanar av tamme kamelar.[8][9]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Den moderne staten Israel byrja kopardrift langs austkanten av dalen i 1955, men gav seg i 1976. Gruva vart opna att i 1980. Gruva vart kalla Timnah etter ein bibelsk høvding.[10]

Geologiske formasjonar[endre | endre wikiteksten]

Salomosøylene.

Timnadalen er kjend for nokre uvanlege formasjonar av stein og sand. Sjølv om sanden stort sett er raud, kan han vere gul, oransje, grå, mørkebrun eller svart, og nær kopargruvene kan han vere lysegrøn eller blå. Vatn- og vinderosjon har skapt fleire uvanlege formasjonar som berre finst i liknande klima.[6]

Salomosøylene[endre | endre wikiteksten]

Soppen.
Hoodoo i Timna Park.

Den mest kjende formasjonen i Timnadalen er Salomosøylene. Søylene er naturlege strukturar som er danna etter hundreår med vasserosjon ved at sandsteinen i klippene bryt laus og vert ei rekkje, søyleforma strukturar.[6]

Den amerikanske arkeolog Nelson Glueck hevda i 1930-åra at søylene var knytt til kong Salomo og gav dei namnet Salomosøylene.[treng kjelde] Sjølv om han ikkje hadde støtte for hypotesen sin, vart namnet hengande ved.

Soppen[endre | endre wikiteksten]

Bogane.

Soppen er ein uvanleg monolitt som er soppforma. Han består av raud sandstein i ein formasjon kalla ein hoodoo. Soppen er forma av vind, fukt og vasserosjon over lang tid.[11] Soppen er omgjeve av smeltediglar for koparmalm frå mellom 1300- og 1100-talet fvt.[6]

Bogar[endre | endre wikiteksten]

Bogane er naturlege bogar danna av erosjon, og ligg langs dei vestlege klippene i dalen. Bogane er ikkje så sjeldne som Salomosøylene og Soppen, og liknande strukturar finst andre stader i verda.[6]

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

I 2002 vart 42 kvadratkilometer av Timnadalen erklært eit naturreservat, og all gruvedrift i området opphøyrte.[12] Gasellar og steinbukk finst framleis i området.

Timnadalen park[endre | endre wikiteksten]

Timnadalen park vart opna av Jewish National Fund for å dele funna til arkeologen Rothenberg med ålmenta, og det finst kring 20 forskjellige stiar og somme vegar i parken for vitjande. Parken omfattar eit fritidsområde med ein kunstig innsjø og eit 4D-film-show.[13] Parken vert nytta til friluftskonsertar og klatrekonkurransar.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. New findings show Timna mines to have been active mainly during the period of the early isralittiske kingdom (Tel Aviv universitet website, in hebraiske)
  2. http://www.haaretz.com/news/features/construction-on-israel-s-new-international-airport-takes-off.premium-1.526442
  3. A Dictionary of Arkeologi - Google Böcker. Books.google.se. Henta 5. oktober 2014. 
  4. Boyle, Alan (September 5, 2013). «Reality check on kong Salomo's mines: Right era, wrong kingdom». NBC News. Henta 16. februar 2014. 
  5. «Proof of Salomo's mines found in Israel». Phys.org. Henta 5. oktober 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Timna Park Offisiell nettstad. Henta 5. oktober 2014.
  7. Ancient Egyptian copper slabbing saws[daud lenkje]. The article includes an extensive bibliography. ('Unforbidden Geology' a former GeoCities website)
  8. Hasson, Nir (Jan 17, 2014). «Hump stump solved: Camels arrived in region much later than biblical reference». Haaretz. Henta 5. oktober 2014. 
  9. Noble Wilford, John (10. februar). «Camels Had No Business in Genesis». The New York Times. Henta 5. oktober 2014. 
  10. Karṭa (Firm) (1993). Carta's official guide to Israel: and complete gazetteer to all sites i Holy Land. State of Israel, Ministry of Defence Pub. House. s. 462. ISBN 978-965-220-186-7. Henta 1. november 2010. 
  11. Frommer's
  12. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014. 
  13. See the Timna Park official website Arkivert 2014-02-19 ved Wayback Machine.
  14. Image of the Timna copper snake and of the tabernacle stake holes[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]