Hopp til innhald

Timur Shah Durrani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timur Shah Durrani

Fødd1746
FødestadMashhad
Død18. mai 1793
DødsstadKabul
Gift medAyesha Durrani, Taimur Shah
DynastiAbdali
FarAhmed Shah Durrani
BornShoja Shah, Zaman Shah Durrani, Ayub Shah Durrani, Mahmud Shah, Sultan Ali Shah, Humayun Mirza, Murad Durrani of Afghanistan

Timur Shah Durrani (174618. mai 1793) var den andre sonen til Ahmad Shah Durrani og den andre herskaren av Durrani-dynastiet. Han var konge av Afghanistan frå 16. oktober 1772 til han døydde i 1793.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Tidleg virke

[endre | endre wikiteksten]

Timur Shah var fødd i Mashhad.[2]

Han gifta seg med dottera til mughal-keisaren Alamgir II og fekk Sirhind som bryllaupsgåve. Seinare gjorde faren han til guvernør over Punjab, Kashmir og Sirhind i 1757,[2] då han berre var 11 år gammal. Han styrte frå Lahore under regentskapen til vesiren sin, general Jahan Khan, som administrerte desse områda i kring eitt år, frå mai 1757 til april 1758. Timur og Jahan klarte likevel aldri å etablere lov og orden.

Adina Beg Khan, guvernøren i Julundur Doab, som saman med Raghunath Rao leia Maratha-riket, dreiv Timur og Jahan ut av Punjab og innsette sitt eige styre under Adina Beg Khan. I 1759 erobra Ahmed Shah Punjab etter å ha invadert med 60 000 krigarar mot marathaene sine 45 000. Konflikten enda med slaget ved Panipat den 14. januar 1761. Den avgjerande faktoren var ikkje overtalet, men disiplin, slagkraft, kommunikasjon og mobilitet. Marathaene leid eit audmjukande nederlag som kosta dei mange liv og kring 50 000 hestar. Dei klarte aldri å reise seg att etter nederlaget.

Då Timur tok over etter faren, som døydde 4. juni 1772, vart han berre motvillig akseptert av dei regionale høvdingane. Mesteparten av styret hans vart brukt på borgarkrig og forsøk på å slå ned opprør. Under regjeringstida hans byrja Durrani-riket å gå i oppløysing, noko som tvang han til å flytte hovudstaden frå Kandahar til Kabul.

Han prøvde å byggje opp ein breiare maktbase ved delvis å støtte seg på andre folkegrupper, mellom anna tadsjikane. Dette gjorde han likevel upopulær blant pashtunane.[3][4]

Mausoleet til Timur Shah Durrani.

Timur Shah døydde i Kabul i mai 1793 og vart etterfølgd av den femte sonen sin, Zaman Shah.[5] Han vart gravlagd i byen og eit gravmæle som vart eit landemerke i byen vart reist for han.

Timur Shah etterlet seg ei svart flekk på historia til Durrani-riket. Regjeringstida hans var prega av forsøk på å konsolidere makta gjennom upopulære tiltak. Han appellerte til andre etniske grupper, noko som gav dei større makt og innverknad. Som følgje av denne nye – og ubalanserte – maktfordelinga vart riket fragmentert og gjekk inn i borgarkrig etter at han døydde. Sjølv om Timur Shah hadde vellukka felttog i Punjab, var dette til lita nytte då riket fall frå kvarandre under etterfølgjarane hans, som kjempa om makta. Timur Shah hadde over 24 søner som alle konkurrerte om trona i Durrani-riket.[6][7][8]