Tin Machine Live: Oy Vey, Baby
| Tin Machine Live: Oy Vey, Baby Konsertalbum av Tin Machine | ||
| Utgjeve | 2. juli 1992 | |
| Innspelt | 20. november 1991 til 11. november 1992 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 49:17 | |
| Selskap | London | |
| Produsent | Reeves Gabrels, Max Bisgrove, Tom Dubé, Dave Bianco, David Bowie | |
| Tin Machine-kronologi | ||
|---|---|---|
| Tin Machine II (1991) |
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Live at La Cigale, Paris, 25th June, 1989 (2019) |
| David Bowie-kronologi | ||
| Tin Machine II (1991) |
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Black Tie White Noise (1993)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby er eit konsertalbum og ein konsertvideo av det engelsk-amerikanske rockebandet Tin Machine, opphavleg gjeven ut på London Records i 1992.
Albumet inneheld songar spelte inn mellom 20. november 1991 og 11. februar 1992 frå fem ulike spelestader på den nordamerikanske og asiatiske delen av It's My Life-turneen. Konsertvideoen er ein enkelt konsert hovudsakleg frå The Docks i Hamburg den 24. oktober 1991.
Albumet fekk stort sett negativ kritikk og vart det første albumet med Bowie sidan debutalbumet frå 1967 som ikkje gjekk inn på albumlista i Storbritannia.
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby var det siste albumet til Tin Machine før dei var toppløyste.
Albumtittelen
[endre | endre wikiteksten]Tittelen vart eit forslag frå Hunt Sales og var eit ordspel på U2-albumet Achtung Baby (1991). Planar om eit andre konsertalbum (Use Your Wallet, eit anna ordspel frå Sales, denne gongen frå Guns N' Roses-albuma Use Your Illusion I og II) vart skrinlagd då Oy Vey, Baby selde dårleg og fekk dårleg kritikk.[2]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Bowie-biografen Nicholas Pegg klagde over at albumet hadde eit «stygt, utydeleg omslag», «ein useieleg misforstått tittel», og ei fantasilaus speleliste som inkluderte ein 8-minuttars versjon av den «frykta» «Stateside», som i lag førte til dårlege sal og meldingar. Likevel sa han «det er eigentleg ikkje eit dårleg album».[2] Stephen Erlewine frå Allmusic.com kalla albumet «ikkje nok til å berge mengda av dei underutvikla songane som dannar ryggraden på plata.»[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle spor skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels utanom der andre er nemnde
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelingsdato og stad | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «If There Is Something» | Bryan Ferry | 17. februar 1992 i Tokyo | 3:55 |
| 2. | «Amazing» | 7. desember 1991 i Chicago | 4:06 | |
| 3. | «I Can't Read» | 20. november 1991 i Boston | 6:25 | |
| 4. | «Stateside» | Bowie, Hunt Sales | 27. eller 29. november 1991 i New York | 8:11 |
| 5. | «Under the God» | Bowie | 10. eller 11. februar 1992 i Sapporo | 4:05 |
| 6. | «Goodbye, Mr. Ed» | Bowie, Hunt Sales, Tony Sales | 17. februar 1992 i Tokyo | 3:31 |
| 7. | «Heaven's in Here» | Bowie | 27. eller 29. november 1991 i New York | 12:05 |
| 8. | «You Belong in Rock n' Roll» | 7. desember 1991 i Chicago | 6:59 | |
| Total lengd | 47:17 | |||
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Video
[endre | endre wikiteksten]I motsetnad til albumet som bestod av opptak frå ulike stader på turneen, vart konserten på videoen filma på ein enkel konsert på The Docks i Hamburg den 24. oktober 1991. VIdeoen er 88 minuttar lang og vart distribuert av PolyGram Video Limited i Storbritannia.[3]
Alle spor skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels, utanomd er andre er nemnde[2]
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Bus Stop» | ||
| 2. | «Sacrifice Yourself» | Bowie, Hunt Sales, Tony Sales | |
| 3. | «Goodbye Mr. Ed"» | Bowie, Hunt Sales, Tony Sales | |
| 4. | «I Can't Read» | ||
| 5. | «Baby Universal» | ||
| 6. | «You Can't Talk» | ||
| 7. | «Go Now» | Larry Banks, Milton Bennett | |
| 8. | «Under The God» | Bowie | |
| 9. | «Betty Wrong» | ||
| 10. | «Stateside» | Bowie, Hunt Sales | |
| 11. | «I've Been Waiting For You» | Neil Young | |
| 12. | «You Belong in Rock n' Roll» | ||
| 13. | «One Shot» | Bowie, Gabrels, Hunt Sales, Tony Sales | |
| 14. | «If There Is Something» | Bryan Ferry | |
| 15. | «Heaven's In Here» | Bowie | |
| 16. | «Amlapura» | ||
| 17. | «Crack City» | Bowie, Gabrels, Hunt Sales, Tony Sales |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tin Machine Live: Oy Vey, Baby» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2021.
- 1 2 Erlewine, Stephen Thomas. «Tin Machine Live: Oy Vey, Baby». AllMusic. Henta 12. september 2021.
- 1 2 3 Pegg, Nicholas (October 2016). «The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated». Titan Books.
- ↑ «TIn Machine Live: Oy Vey, Baby». PolyGram Video Limited (Barcode: 0 44008 53203 3).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Live: Oy Vey, Baby på Discogs (liste over utgjevingar)