Tina Bachmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tina Bachmann


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 15. juli 1986 (37 år)
Schmiedeberg
Idrett skiskyting
Tok del i

VM i skiskyting 2011, VM i skiskyting 2012

Tina Bachmann (fødd 15. juli 1986) er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Schmiedeberg i Sachsen. Ho var med om å vinne VM-gull i kvinnestafetten både i 2011 og 2012, i 2011 vann ho også sølvmedaljen på 15 km.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bachmann deltok i verdscupen i skiskyting frå 2009 til 2016. På tampen av 2009-sesongen vann ho 7,5 km i Khanty-Mansijsk, der ho skaut to fulle hus og slo landskvinna Simone Hauswald og svenske Anna Carin Olofsson-Zidek med høvesvis 3,7 og 19,3 sekundar. Sigeren vart hennar einaste individuelle triumf i verdscupen, ein einsleg andreplass i 2012 var hennar andre pallplassering i verdscupen. Under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk tok Bachmann sølvmedaljen på 15 km, med to bomskot var ho over to minuttar bak den suverene vinnaren, svenske Helena Jonsson. Sidan i meisterskapen tok Bachmann seg av den tredje etappen for Tyskland vinnarlag i 4 x 6 km stafett, dei andre på laget var Andrea Henkel, Miriam Gössner og Magdalena Neuner. Året etter forsvarte dei same fire utøvarane VM-tittelen då VM i skiskyting 2012 fann stad i Ruhpolding, Bachmann gjekk då startettapen. Ho avslutta Ruhpolding-VM med å verte nummer 4 på fellesstarten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]