Tina Turner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tina Turner
TinaTurner PrivateDancer.png
Tina Turner i Drammenshallen i 1985
Fødenamn Anna Mae Bullock
Fødd 26. november 1939 (77 år), Nutbush i Tennessee i USA
Instrument Vokalist
Sjanger Rock, pop
Aktive år 1958–2000, 2007-2009
Tilknytte artistar Ike & Tina Turner
Plateselskap United Artists Records, EMI, Capitol Records, Virgin, Parlophone og Warner Music Group
Nettstad www.tinaturnerofficial.com

Tina Turner (fødd 26. november 1939 som Anna Mae Bullock) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, dansar og skodespelar.

Ho starta musikkarrieren i midten av 1950-åra som ein songar i Ike Turner sitt Kings of Rhythm, og spelte først inn musikk i 1958 med namnet «Little Ann».[1] Ho byrja først å bruke namnet Tina Turner i 1960 som medlem i Ike & Tina Turner Revue.[2] Dei fekk suksess med ei rekkje kjende hittar, som «A Fool in Love»,[3] «River Deep – Mountain High» (1966), «Proud Mary» (1971) og «Nutbush City Limits» (1973), ein song ho skreiv sjølv. I sjølvbiografien sin I, Tina, avslørte ho at ho fleire gonger vart banka opp av Ike Turner før dei gjekk frå kvarandre i 1976 og til slutt skilde seg i 1978.

Etter skilsmissen med Ike Turner, bygde ho opp att karrieren sin, men sleit i starten med å få suksess som soloartist. Tidleg i 1980-åra lanserte ho eit comeback med ei rekkj hittar, som starta i 1983 med «Let's Stay Together», etterfølgd i 1984 med det femte soloalbumet Private Dancer, som vart ein verdsomfattande suksess. «What's Love Got to Do with It», den mest suksessrike singelen frå albumet, art seinare nytt som tittelen på ein biografisk film, basert på sjølvbiografien hennar. I tillegg til musikkarrieren hennar, har Turner òg spelt i fleire filmar, mellom anna ei rolle i 1975 i rockemusikalen Tommy og ei rolle i Mel Gibson-filmen Mad Max Beyond Thunderdome i 1985. I tillegg hadde ho ei rolle i filmen Last Action Hero.

Ho har vore ein av dei mest populære underhaldningsartistane i verda og har fått kallenamnet The Queen of Rock n Roll.[4][5][6] Turner har blitt kalla den mest suksessrike kvinnelege rockeartisten,[7] og har vunne åtte Grammy-prisar og seld meir konsertbilettar enn nokon annan artist i historia.[8] Det samla album- og singelsalet hennar er kring 100 millionar kopiar verda over.[9] Ho er kjend for å vere energisk på scenen,[5] den kraftige vokalen hennar og den langvarige karrieren.[10] I 2008 kom Turner attende etter ei delvis pensjonering og la ut på Tina!: 50th Anniversary Tour.[11] Denne turneen vart ein av dei bestseljande turneane i 2008–2009.[12] Rolling Stone rangerte ho på 63. plass på lista deira over dei 100 beste artistane gjennom tidene.[13] I 1991 vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Turner vart fødd Anna Mae Bullock den 26. november 1939 i Nutbush, eit utanforliggande område i Haywood County i Tennessee. Foreldra hennar var Zelma Priscilla (fødd Currie) og Floyd Richard Bullock. Anna var fødd i Poindexter Farm ved Highway 180, der far hennar arbeidde som formann for forpaktarane.[14][15][16][17][18] Ho er av afroamerikansk opphav med kring 33 % europeisk ætt.[19][20][16][21][22] Då ho var med i PBS-dokumentaren African American Lives 2, synte resultat av blodprøvar at ho har 1 % indianar-ætt.[23][24][18]

Ho har ei eldre syster, Ruby Aillene. Som barn vart Anna Mae og Aillene skilde frå kvarandre då foreldra flytta til Knoxville i Tennessee for å arbeidde ved eit forsvarsanlegg under andre verdskrigen.[15] Anna flytta då til dei strengt religiøse besteforeldrene på farssida, Alex og Roxanna Bullock, som var diakon og diakonisse ved Woodlawn Missionary Baptist Church.[25][15] Etter krigen kom systrene saman att då ho flytta til foreldra i Knoxville.[15] To år seinare kom familien attende til Nutbush og budde i Flagg Grove, der Anna gjekk på Flagg Grove Elementary School frå første til åttande klasse. I 1889 hadde grand-grandonkelen hennar seld eigedomen som skulen låg på.[18][26]

Som barn song Anna i kyrkjekoret ved Nutbush's Spring Hill Baptist Church.[27][28] Då ho var 11 år stakk mora brått av etter å ha levd i mange år med Floyd Bullock, som mishandla ho.[29] Zelma flytta til St. Louis for å bu med syster si.[29] Då Anna var 13 gifta faren seg med ei anna kvinne, og flytta til Detroit. Ho og systera vart sende til bestemora Georgeanna i Brownsville.[29] Ho skreiv seinare i memoarane sine I, Tina at ho ikkje følte seg ønska av mora, og at mora hadde planlagt å forlate faren då ho var gravid.[30] Før ho var i tenåra arbeidde Anna Mae som hushjelp for familien Henderson.

I følgje ho sjølv, var ho ei gutejente og var både med i ein heiagjeng og det basketballlaget ved Carver High School i Brownsville.[14][29] Då ho var 16, døydde brått bestemora. Etter gravferda budde Anna i lag med mora si i St. Louis i Missouri, der systera òg budde. Der gjekk ho på Sumner High School[31] fram til 1958. Då ho var ferdig arbeidde ho som pleieassistent ved Barnes-Jewish Hospital, og drøymde om å bli sjukepleiar.

Ike & Tina Turner[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Turner i lag med Ike Turner i Hamburg i Tyskland i 1972.

Anna og syster hennar byrja å gå på nattklubbar i St. Louis og East St. Louis på denne tida.[29] På Club Manhattan, ein nattklubb i East St. Louis, såg ho for første gongen Ike Turner og bandet hans, the Kings of Rhythm, spele.[29] Anna likte så godt musikken og Ike at musikken «sette ho i transe».[32][29] Anna følte trong til å syngje med han på scenen, trass i at få kvinner hadde sunge i lag med han tidlegare.[28] Ein kveld fekk den då 18 år gamle Anna ein mikrofon av trommeslagaren i Kings of Rhythm, Gene Washington, under ein pause. Då han høyrte ho syngje spurte Ike om ho kunne fleire songar, og ho fekk lov å syngje den kvelden, og vart fast gjestevokalist frå den tid.[33][34][35] Ike lærte ho så stemmekontroll og korleis ho skulle te seg på scenen.[33] Den første studioinnspelinga hennar var i 1958, då ho song korvokal, med namnet «Little Ann», på Ike Turner-songen «Box Top», i lag med songaren Carlson Oliver.

I 1960 skreiv Ike R&B-songen «A Fool in Love», opphavleg for Kings of Rhythm-vokalisten Art Lassiter. Lassiter møtte ikkje opp i platestudioet for innspelinga, og Anna fekk etter kvart lov å syngje songen etter ho hadde bede Ike. Ike gjekk med på å bruke stemma hennar som ein «demo», og meinte å fjerne vokalen hennar og legge på vokalen til Lassiter seinare.[33] Sjølv om somme meinte at demoen med Anna var med for «lys stemme» og «skrikande», vart songen spelt på radio i St. Louis.[36] Den lokale St. Louis-DJen Dave Dixon overtydde Ike om å sende lydbandet til Juggy Murray, direktøren i Sue Records.[36] Då Murray hørte songen vart han imponert over stemma til Anna, og sa seinare at vokalen hennar «høyrtes ut som skrikande skit... det var ein funky lyd.»[37][36] Murray kjøpte songen og betalte Ike eit forskot på $25 000 for innspeling- og forlagsrettar.[36][38][39] Murray overtydde Turner om å gjere Anna til «stjerna i showet».[39] Det var på denne tida at Ike Turner gav Anna Mae Bullock namnet «Tina», fordi det rima med ein rollefigur frå fjernsynet, Sheena.[36][40] Det er òg blitt sagt at ho fekk nytt namn for at ho ikkje skulle stikke av og byrje på eiga hand. Ike Turner følte at om Anna Mae Bullock drog sin veg, så kunne han erstatte ho med ein annan songar og kalle ho Tina.[36] Ike sa seinare òg at han gav ho nytt namn for at ikkje dei tidlegare kjærastane hennar skulle ta kontakt med ho.

Tidleg suksess[endre | endre wikiteksten]

«A Fool in Love» kom ut i juli 1960 og vart raskt ein hit, som nådde andreplassen på Hot R&B Sides-lista og 27. plassen på Billboard Hot 100 i oktober. Kurt Loder skildra songen som «den svartaste plata som gjekk inn på den kvite poplista sidan Ray Charles sin gospelaktige 'What'd I Say' sommaren før».[36][41] Ein ny hit, «It's Gonna Work Out Fine» (1961), nådde topp 20 og gav duoen ein nominasjon til Grammyprisen for beste rock and roll-song. Andre kjende singlar som duoen gav ut på Sue Records var «I Idolize You», «Poor Fool» og «Tra-La-La-La». I 1964 gjekk Ike & Tina over til Kent Records, og gav ut singelen «I Can't Believe What You Say». Året etter fekk dei kontrakt med Loma Records, ei underavdeling av Warner Bros. Records, driven av Bob Krasnow, som hadde blitt manageren deira kort tid etter dei slutta i Sue Records. Mellom 1964 og 1969 signerte Ike & Tina meir enn ti platekontraktar.[42]

Duoen klarte å halde seg populære gjennom lange turnear over heile USA, og spelte 90 dagar på rad kring i landet.[43] I tida på chitlin' circuit bygde Ike and Tina Turner Revue eit rykte som er blitt kalla «eit av dei hottaste, mest varige og potensielt mest eksplosive av alle R&B-band», og konkurrerte med James Brown Show når det kom til sceneshow.[44] Konsertane, som var organiserte av Ike Turner, gav dei økonomisk suksess. Mellom 1963 og 1966 turnerte bandet konstant utan å ha ein hitsingel. Tina vart stadig meir kjend etter å ha sunge solo på TV-show som American Bandstand og Shindig!, medan heile bandet spelte på show som Hollywood A Go-Go, The Andy Williams Show og seint i 1965 i konsertfilmen The Big T.N.T. Show.

Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

I 1965 såg Phil Spector ein konsert med Ike & Tina i Los Angeles og prøvde å få arbeide med Tina. Spector kom fram til ein avtale med Ike, der Ike fekk 20 000 dollar i forskot for å halde seg borte frå studio.[45][46] Med Spector spelte Tina inn songen «River Deep - Mountain High», som kom ut i 1966 på Spector sitt selskap Philles. Spector rekna innspelinga, med den maksimale energien til Tina over ein symfonisk lyd, som det beste arbeidet hans.[47] Han vart ein stor suksess på andre sida av Atlanteren, særleg i Storbritannia, der han nådde tredjeplassen på den britiske singellista, men gjekk ikkje høgare enn 88. plassen i USA. Spector var knust og signerte aldri igjen ein ny artist til Philles og produserte sjeldan igjen. Men innverknaden til singelen gjorde at Ike og Tina fekk spele som oppvarming for The Rolling Stones på den britiske turneen deira den hausten, og sidan i Europa og Australia.[48] Dei fekk kontrakt med Blue Thumb Records i 1968 og gav ut bluesalbuma Outta Season og The Hunter. På Outta Season var ein versjon av Otis Redding sin «I've Been Loving You Too Long», som Tina vart nominert til Grammyprisen for i kategorien beste kvinnelege R&B-song. Suksessen med desse albuma førte til at the Revue stod øvst på plakaten i Las Vegas der showa deira vart sett av mange kjendisar, som David Bowie, Sly Stone, Janis Joplin, Cher, James Brown, Ray Charles, Elton John og Elvis Presley.[49]

Turner i 1972.

I 1969 vart the Revue meir kjende i heimlandet då dei varma opp for the Rolling Stones på den amerikanske turneen deira. I 1970 spelte dei på The Ed Sullivan Show. Suksessen til turneen førte til at the Revue fekk kontrakt med Liberty Records, der dei gav ut to album, Come Together og Workin' Together, i 1970 og 1971.[50] Come Together gav duoen den første topp 40-singelen deira i USA med ein versjon av Sly and the Family Stone sin «I Want to Take You Higher». Come Together markerte eit vendepunkt i karrierane deira, der dei gjekk bort frå det vanlege R&B-repertoaret sitt til meir rockemusikk. Tidleg i 1971 vart versjonen deira av Creedence Clearwater Revival sin «Proud Mary» den største hitten deira, med ein fjerdeplass på Hot 100 i USA og over ein million selde eksemplar. Dei vann Grammyprisen for beste R&B-song av ein duo eller ei gruppe.[51][52][53] Seinare i 1971 selde konsertalbumet deira, What You Hear Is What You Get, frå ein konsert i Carnegie Hall, til gullplate. I 1972 bygde Ike Turner studioet Bolic Sounds, nær heimen deira i Inglewood.[54] Etter Liberty vart kjøpt av United Artists Records, hamna duoen på denne etiketten og gav ut ti album i løpet av tre år. Den siste store hitsingelen til duoen var «Nutbush City Limits», som kom ut i 1973. Denne nådde 22. plassen på Hot 100 i USA og nådde fjerdeplassen i Storbritannia.[55] I 1974 gav Tina ut det første soloalbumet sitt, Tina Turns the Country On!, som ho fekk ein Grammy-nominasjon for.

Det året reiste Tina til London for å delta i filminga av rockemusikalen Tommy, der ho spelte The Acid Queen, og song songen med dette namnet. Turner vart kritikarrost for framføringa si. Kort tid etter filminga var over, var Turner med Ann-Margret på TV-programmet hennar i London. Ho reiste attende til USA og fortsette karrieren sin med the Revue. Etter utgjevinga av Tommy, kom Turner med eit nytt soloalbum, Acid Queen, i 1975.

Slutten for duoen[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1970-åra byrja kokainmisbruket til Ike Turner å kome ut av kontroll. På denne tida konverterte Tina til buddhismen og song nam myoho renge kyo for å lette på stresset i ekteskapet og karrieren sin. På grunn av dopmisbruket til Ike Turner, vart somme av konsertane anten kansellerte eller utsette.[56] I juli 1976 hadde Ike Turner om å forlate United Artists Records for ein fem år lang avtale med Cream Records verdt 150 000. Avtalen skulle signerast den 6. juli.[57] 2. juli 1976 var Ike og Tina på veg frå Los Angeles til Dallas, der the Revue hadde ein konsert på Dallas Statler Hilton. Paret hamna i ein blodig slosskamp på veg til hotellet. Kort tid etter dei kom fram, rømde Tina frå hotellet og gøymde seg seinare hos ein ven.[58] Den 27. juli søkte Tina om skilsmisse på grunn av uforsonlege skilnader.[59][60][61]

Tina sa seinare at det var buddhist-trua hennar og synginga av Nam Myoho Renge Kyo som gjorde at ho fekk mot nok til å rive seg laus frå ekteskapet. Men då ho forlet Ike midt i ein turné, fekk ho raskt vite at ho var juridisk ansvarleg for dei kansellerte konsertane. Etter eit år i retten, var skilsmissen omsider eit faktum den 29. mars 1978. Ho heldt scenenamnet sitt og tok ansvaret for gjelda som oppstod då turneen vart kansellert.[62]

Første solokonsertar[endre | endre wikiteksten]

I 1977 gjekk Tina ut på scenen att med fleire konsertar i Las Vegas som ein kabaret, og fekk betalt av United Artists-direktøren Richard Stewart. Ho tok så kabareten sin til mindre konsertstader i USA. Ho fekk òg inntekter på show som The Hollywood Squares, Donny and Marie, The Sonny & Cher Show og The Brady Bunch Hour.[63] Seinare i 1977 la Turner ut på den første soloturneen sin, i Australia. I 1978 slapp United Artists ut det tredje soloalbumet til Turner, Rough, som vart distribuert i både Nord-Amerika og Europa av EMI. Dette albumet, og oppfølgjaren Love Explosion, som hadde element av discorytmar, selde dårleg.[64]

Albuma avslutta kontrakten hennar med United Artists/EMI. Ho heldt fram karrieren med ein ny turné, Wild Lady of Rock 'n' Roll, og fortsette med stor suksess, sjølv om ho ikkje hadde hitsinglar.[65] Etter ein opptreden på Olivia Newton-John-programmet Hollywood Nights i 1979, ønskte Turner kontrakt med manageren til Newton-John, Roger Davies. Davies gjekk med på å bli manageren hennar etter å ha sett ho spele i Venetian Ballroom på hotellet Fairmont San Francisco i februar 1980.

Davies rådde Turner til å droppe bandet hennar og omforme showet hennar til eit råare rock'n'roll-show. I 1981 booka Davis Tina Turner på The Ritz i New York City. Etter konserten hyrte Rod Stewart Turner til å synge ein duettversjon av hitten hans «Hot Legs» på Saturday Night Live, og fekk seinare Turner til å vere oppvarmingsartist på den amerikanske turneen hans. Ein konsert med Rod Stewart og Kim Carnes, den 19. desember 1981, i L. A. Forum i Inglewood, vart filma. Seinare varma Turner opp på tre konsertar for The Rolling Stones. Ein ny versjon av The Temptations sin «Ball of Confusion» for det britiske produksjonslaget B.E.F. med Robert Cray, vart ein hit i europeiske danseklubbar i 1982.[66] Etter ein konsert med Chuck Berry og fleire korte turnear i USA og Europa, spelte Turner igjen på the Ritz i desember det året, og ho fekk, etter at David Bowie insisterte på det, ein singelavtale med Capitol Records.

Gjennombrotet[endre | endre wikiteksten]

Turner på ein konsert i 1984.

I november 1983 gav Tina ut ein versjon av Al Green sin «Let's Stay Together» på Capitol. Singelen vart ein hit og nådde singellista i fleire europeiske land, mellom anna topp 10 i Storbritannia. Songen nådde 26. plassen på Billboard Hot 100 og vart den første solosingelen til Turner på den amerikanske singellista. Han nådde òg topp 10 på Hot Dance Club Songs- og Hot Black Singles-lista.[67][68][69][70][71] Suksessen med songen fekk Capitol til å tenke gjennom kontrakten sin med Turner og gav ho tilbod om ein avtale for tre album, og kravde eit album innan kort tid. Dette gav Turner det Ebony kalla eit «fantastisk comeback».[72] Ho var i studio i to månader i London, og albumet Private Dancer kom ut i juni 1984. Same månaden gav Capitol ut den andre singelen frå albumet, «What's Love Got to Do with It». Han nådde topp 10 i løpet av ein månad og i september låg singelen på toppen av den amerikanske Hot 100-lista. Med hitsinglar som «Better Be Good to Me» og «Private Dancer», nådde albumet tredjeplassen på Billboard 200, og selde fem millionar eksemplar i USA aleine og tjue millionar verda over, og vart slik det mest suksessrike albumet hennar.[7][73][74][75] Comebacket til Turner vart krona tidleg i 1985 då ho vann fire Grammyprisar, mellom anna for årets singel med «What's Love Got to Do with It». I februar det året la ho ut på den andre verdsturneen sin og spelte for enorme publikum. Ein av konsertane, på NEC Arena i Birmingham i England, vart seinare gjeven ut på video. På denne tida medverka ho òg med USA for Africa på songen «We Are the World».

Suksessen til Turner fortsette då ho reiste til Australia for å spele mot Mel Gibson i den postapokalyptiske filmen Mad Max Beyond Thunderdome i 1985. Dette var den første filmrolla hennar på ti år då ho spelte Aunty Entity, som styrte Bartertown.[76] Prestasjonen hennar i filmen vart generelt møtt positivt, og filmen vart ein global suksess, og selde billettar for meir enn 36 millionar dollar i USA aleine.[77] Turner fekk seinare NAACP-prisen for rolla si filmen. Ho spelte òg inn to songar for filmen, «We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» og «One of the Living», som begge vart hittar. For den sistnemnde vann ho Grammy-prisen for beste kvinnelege rockesong. I juli spelte Turner på Live Aid i lag med Mick Jagger.[78] Etter at ho song i lag med Bryan Adams på ein filma solokonsert i England, gav dei ut ein duettsingel i lag, «It's Only Love», som dei fekk ein Grammynominasjon for i kategorien beste rockesong av ein duo eller gruppe.

Seinare utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Turner på turne med gjesten Eric Clapton, 17. juni 1987 i Wembley Arena i England.

Turner følgde opp Private Dancer med Break Every Rule i 1986. Med singlane «Typical Male», «Two People» og «What You Get Is What You See», selde albumet over fire millionar eksemplar verda over. Før albumet kom ut, publiserte Turner memoarane sine, I, Tina, som seinare vart ein bestseljar, og ho fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Europaturneen Break Every Rule Tour, som enda i mars 1987 i München i Tyskland, førte til rekordstore billettsal. I januar 1988 laga Turner historie då ho spelte i lag med Paul McCartney føre det største betalande publikummet til då (kring 184 000) på Maracanã i Rio de Janeiro i Brasil, og ho vart oppført i Guinness rekordbok.[79] Suksessen med dei to konsertturneane til Turner førte til innspelinga av Tina Live in Europe som kom ut i april. Turner Turner låg lågt ei stund etter turneen og gav ut Foreign Affair med ein av signaturlåtane hennar, «The Best». Ho la seinare ut på ein Europa-turné for å marknadsføre albumet. Foreign Affair selde til gullplate i USA, medan singlane «The Best» og «Steamy Windows» gjekk inn på topp 40 der. Albumet vart ein stor suksess i Europa, der Turner no budde.

I 1991 vart Ike & Tina Turner innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Phil Spector tok seinare i mot æresprisen på deira vegner. Det same året gav paret bort rettane til å dramatisere liva deira i ein delvis biografisk film kalla What's Love Got to Do with It. Filmen kom ut i 1993 med Angela Bassett i rolla som Tina og Laurence Fishburne i rolla som Ike. Begge skodespelarane vart nominerte til Oscarprisen for rollene sine. Turner spelte inn nye versjonar av songar frå the Revue-tida for What's Love Got to Do with It og spelte inn fleire nye songar, mellom anna det som vart den siste hitten hennar på den amerikanske topp 10-lista, «I Don't Wanna Fight». Ho hjelpte Bassett med garderoben hennar og lærte ho danseste. Ho var sjølv med i slutten av filmen som seg sjølv, men nekta å vere fullt involvert i filmen, og sa til ein intervjuar, «Kvifor skulle eg ha lyst å sjå Ike Turner banke meg igjen? Eg har ikkje dvelt ved det. Det høyrer til fortida.»[80] Etter filmen og filmmusikken kom ut, la Turner ut på den første amerikanske turneen sin på sju år. Då turneen var over flytta Turner til Sveits.

Turner kom attende i 1995 med U2-songen «GoldenEye» for James Bond-filmen med same namn. Den enorme suksessen i Europa og den moderate suksessen i heimlandet USA gjorde at Turner spelte inn eit nytt album, Wildest Dreams i 1996. Sjølv om albumet ikkje vart ein stor suksess i USA, førte verdsturneen hennar og ein reklamefilm med musikken hennar til at albumet selde til gull i USA. Albumet selde til platina i Europa der Turner hadde hittar med «Whatever You Want», «Missing You», som ei kort stund låg inne på singellista i USA, «Something Beautiful Remains», og den sensuelle Barry White-duetten «In Your Wildest Dreams». Då turneen var over i 1997, tok Turner ein ny pause før ho kom attende i 1999 på VH-1-programmet Divas Live '99.

I 1998 vart ein duett med den italienske musikaren Eros Ramazzotti, «Cose della vita», ein hit i EUropa. Før ho feira 60-årsdagen sin, gav Turner ut ein dance-aktig song, «When the Heartache Is Over» som kom ut på albumet Twenty Four Seven månaden etter i Europa. Både songen og albumet kom ut i Nord-Amerika tidleg i 2000. Suksessen med «When the Heartache Is Over» og turneen for å marknadsføre albumet gjorde at ho igjen fekk ei gullplate i USA. Twenty Four Seven-turneen vart den mest suksessrike turneen hennar og den mest innbringande turneen i 2000 i følgje Pollstar med over 100 millionar dollar i inntekter. Seinare annonserte Guinness rekordbok at Turner hadde seld meir konsertbillettar enn nokon annan soloartist gjennom musikkhistoria.[10][12] Etter dette annonserte Turner at ho delvis kom til å pensjonere seg.

Nyare år[endre | endre wikiteksten]

I 2002 vart Tennessee State Route 19 mellom Brownsville og Nutbush kalla «Tina Turner Highway».[81][82][83] Året etter spelte ho inn duetten «Great Spirits» med Phil Collins for Disneyfilmen, Brother Bear. I 2004 gav Turner ut samlealbumet All the Best, med singelen «Open Arms», og selde meir enn ein million eksemplar i USA.

President George W. Bush gratulerer Turner med mottakinga av Kennedy Center Honors i East Room i Det kvite huset den 4. desember 2005. Frå venstre, songaren Tony Bennett, dansaren Suzanne Farrell, skodespelarrinna Julie Harris, og skodespelaren Robert Redford.

I desember året etter vart Turner æra ved Kennedy Center Honors ved John F. Kennedy Center for the Performing Arts i Washington, D.C. og vart valt inn i ei elitegruppe av underhaldarar.[84] President George W. Bush talte om hennar «naturlege talent, energi og sensualitet»,[85] og omtalte låra hennar som «dei mest kjende i show-business».[86] Fleire artistar hylla ho den kvelden, inkludert Oprah Winfrey, Melissa Etheridge (som song «River Deep - Mountain High»), Queen Latifah (som song «What's Love Got to Do with It»), Beyoncé (som song «Proud Mary») og Al Green (som song «Let's Stay Together»). Winfrey sa, «Med treng ikkje enno ein helt. Me treng fleire heltinner som deg, Tina. Du gjer meg stolt når eg stavar namnet mitt k-v-i-n-n-e».[87] I november gav Turner ut All the Best – Live Collection som elde til platinaplate i USA. Turner song duett med songaren Elisa på «Teach Me Again» til filmen All the Invisible Children. Songen vart ein suksess i Italia der han gjekk heilt til topps.

I 2007 spelte Turner den første konserten sin på sju år då ho leia ein konsert til inntekt for Cauldwell's Children Charity ved Natural History Museum i London. Same året song Turner Joni Mitchell sin «Edith and The Kingpin» på Herbie Hancock sitt hyllestalbum til Mitchel, River: The Joni Letters. Turner song opphavleg på Carlos Santana sin «The Game of Love» var med på samlealbumet til Santana, Ultimate Santana. Plateselskapet kravde at vokalen til Turner måtte erstattast i siste augneblink av Michelle Branch.

Den 12. desember Turner døydde den tidlegare ektemannen til Turner, Ike Turner av ein kokainoverdose. Han hadde òg lidd av emfysem og hjartekarsjukdom. Då ho vart beden om ein kommentar sa talspersonen hennar: «Tina har ikkje hatt noko kontakt med Ike på meir enn 30 år. Me kommenterer ikkje meir enn det.»[88] Turner song i februar 2008 under Grammyprisutdelinga i lag med Beyoncé.[89][90] I tillegg vann ho ein Grammypris for jobben hennar på River: The Joni Letters. I oktober 2008 la Turner ut på den første turneen sin på nesten ti år med Tina!: 50th Anniversary Tour.[91] I samband med turneen gav Turner ut samlealbumet Tina!. Turneen vart ein stor suksess og det vart gjeve ut eit konsertalbum og ein DVD kalla Tina Live. I 2009 deltok Turner på songprosjektet Beyond med musikarane Regula Curti, Selda Bagcan og Dechen Shak Dagsay. Dei kombinerte buddhistisk song og kristen kormusikk i lag med ei andeleg melding lesen av Turner. Albumet vart berre gjeve ut i Tyskland og eit par andre land. Det nådde sjuandeplassen i Sveits.

I april 2010 gjekk hitten hennar «The Best» frå 1989 inn på den britiske singellista og nådde ein niandeplass, mykje på grunn av ein nettkamapanje av fansen til Rangers fotballklubb.[92] I 2011 følgde Children Beyond og gjekk igjen inn på lista i Sveits. Turner marknadsførte albumet med å spele i fjernsynsshow i Tyskland og Sveits i desember det året. I mai 2012 var Turner observert på eit moteshow i Beijing til støtte for Giorgio Armani.[93] Turner var på omslaget til den tyske utgåva av Vogue i april 2013, og vart med ein alder på 73 den eldste personen som har vore på framsida av Vogue.[94] Den 3. februar 2014 gav Parlophone Records ut ei ny samling kalla Love Songs. Seinare det året kom Beyond 2: Love Within gjeven ut, der Turner song på nokre gospelsongar.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Turner har to søner. Den første sonen, Raymond Craig, vart fødd i 1958 då Turner var 18 år gammal. Faren var saksofonisten i Kings of Rhythm Raymond Hill.[33] Den andre sonen Ronald vart fødd i oktober 1960.[95] Ronald var det einaste barnet Turner fekk med Ike Turner. Etter dei flytta til Los Angeles i 1960, forlet den forsmådde kona til Ike Turner, Lorraine Turner, sønene til Ike, Ike Jr. (fødd 1958) og Michael (fødd 1959), og dei voks opp med Ike og Tina. Under skilsmissesaka budde dei fire gutane med Tina.[96]

Forholdet og ekteskapet til Ike Turner[endre | endre wikiteksten]

I starten var forholdet mellom Tina og Ike venleg og «som sysken». Seint i 1958 flytta Tina inn til Ike i East St. Louis.[97] På den tida byrja Ike å gje Tina musikalsk opplæring.[98] I byrjinga var dei ikkje tiltrekte av kvarandre. Ike var på den tida sambuar med Lorraine Taylor.[97] Dei byrja eit seksuelt forhold i 1959, noko som ergra Tina.[99] Ike hadde òg skuldkjensle og sa seinare at han kjente det som om han låg med ei syster.[100] I boka si skriv Tina at dei gifta seg i Tijuana i 1962.[101] Tina skreiv at første gong Ike byrja å vere valdeleg var då ho sa til Ike at ho tenkte på å forlate gruppa hans og var usikker på forholdet deira. Ike skal ha tatt eit skohorn og slått ho i hovudet.[102][103]

Før ein konsert i Los Angeles i 1968 prøvde Tina å ta sjølvmord med å svelgje 50 valiumpiller etter ein krangel med Ike.[28] Etter ein krangel i juli 1976 i Dallas, søkte Tina om skilsmisse.[104] Etter skilsmissen hevda Tina at ho måtte operere naseskiljeveggen, som ho sa var skadd etter at Ike slo ho så mange gonger.[105] Turner hevda at ho ikkje var eit «offer» for mishandlinga til Ike Turner og sa at ho hadde krangla med produsentane av biografifilmen hennar, What's Love Got to Do with It over korleis ho vart framstilt i filmen.[106] Vener og slektningar av Ike Turner sa at han aldri heilt kom over skilsmissen. Sonen deira Ronald, hevda at Ike brukte å kome heim til han av og til og gjekk gjennom adresseboka hans for å finne Tina.[107]

Andre ekteskap[endre | endre wikiteksten]

På ein fest for plateselskapet sitt i London i 1985, møtte Tina den tyske musikksjefen Erwin Bach. I starten vart dei vener, men vart kjærastar året etter og har vore saman sidan då. I juli 2013, etter å ha vore saman i 27 år, gifta paret seg i ein borgarleg seremoni ved breidda av Zürichsjøen i Küsnacht nord i Sveits.[108]

Turner har budd i Château Algonquin i Küsnacht, i nærleiken av Zürich, sidan 1994.[109][110][111] Ho har òg eigedomar i Los Angeles, London, Köln og ein villa på Den franske rivieraen kalla Anna Fleur.[112]

Den 25. januar 2013 vart det annonsert at Turner hadde søkt om sveitsisk borgarskap,[113][114] og at ho sa frå seg det amerikanske borgarskapet.[115][116] 22. april 2013 fekk ho sveitisk pass og er i dag sveitsisk borgar.[117] Det amerikanske borgarskapet hennar opphøyrte den 24. oktober 2013.[116]

Prisar og lister[endre | endre wikiteksten]

Turner vart oppført på 17. plassen på lista til Rolling Stone over «Dei 100 beste songarane gjennom tidene».[8] Turner er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame,[118] og tre av innspelingane hennar, «River Deep – Mountain High» (1999), «Proud Mary» (2003) og «What's Love Got to Do with It» (2012) er i Grammy Hall of Fame.[119] Turner har vunne åtte Grammyprisar.[10]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Film
År Film Rolle Merknader
1970 Gimme Shelter Seg sjølv Dokumentar
1971 Taking Off Seg sjølv
1975 Tommy The Acid Queen
1976 All This and World War II Seg sjølv Dokumentar
1978 Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band Our Guests at Heartland
1979 John Denver and the Ladies Seg sjølv Revy
1985 Mad Max Beyond Thunderdome Auntie Entity
1993 What's Love Got to Do with it Seg sjølv stemme for Angela Bassett, òg arkivbilete
Last Action Hero Ordføraren
Fjernsyn
År Tittel Rolle Merknad
1966 The Big T.N.T. Show Seg sjølv Dokumentar
1970 It's Your Thing Seg sjølv Dokumentar
1971 Soul to Soul Seg sjølv Dokumentar
2000 Ally McBeal Seg sjølv cameo
ein episode: «The Oddball Parade»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Collis 2003, s. foreword.
  2. Bego 2005, s. 60-62.
  3. https://www.youtube.com/watch?v=mKpISNtgJMs
  4. Rafferty, Terrence (juli 27, 2008), Tina Turner: Queen of Rock 'n' Roll, http://movies.nytimes.com/movie/50095/Tina-Turner-Queen-of-Rock-n-Roll/overview, henta 6. juni 2014 
  5. 5,0 5,1 Wolman, Baron. «Tina Turner on Stage». Gallery of The Popular Image. San Francisco Art Exchange. Arkivert frå originalen den september 28, 2007. http://web.archive.org/web/20070928063358/http://www.sfae.com/index.php?action=gallery&status=show_product&ID=549&PHPSESSID=e167966844d1d18c37. Henta 6. juni 2014. 
  6. «Tina Turner Covers Vogue Tyskland" Billboard Magazine
  7. 7,0 7,1 «Biography on Tina Turner». Biography.com. A&E Television Networks. http://www.biography.com/search/article.do?id=9512276. Henta september 3, 2008. 
  8. 8,0 8,1 «The 100 Greatest Singers of All Time». Rolling Stone (1066): 73. November 27, 2008. Arkivert frå the original March 8, 2009. Henta April 6, 2009. 
  9. Willander, Arne (2009-11-25) (på tysk), 70? 70! Glückwunsch, Tina Turner!, Axel Springer AG, http://www.bz-berlin.de/kultur/musik/70-70-glueckwunsch-tina-turner-article654973.html, henta 6. juni 2014 
  10. 10,0 10,1 10,2 Amway Global to be Presenting Sponsor of 'Tina Turner Live in Concert' 2008, Reuters.com, juli 10, 2008, http://www.reuters.com/article/pressRelease/idUS169798+10-Jul-2008+PRN20080710, henta oktober 31, 2008 
  11. Gundersen, Edna (september 30, 2008), Tina Turner is back by popular demand, http://www.usatoday.com/life/music/news/2008-09-30-turner-main_N.htm, henta 6. juni 2014 
  12. 12,0 12,1 Terry, Al (september 21, 2008). «Tina Turner Live Tickets – One Of The Biggest Selling Concert Tickets Ever». Pressemeldungen.at. http://www.pressemeldungen.at/45469/tina-turner-live-tickets-%E2%80%93-one-of-the-biggest-selling-concert-tickets-ever/. Henta 6. juni 2014. 
  13. «100 Greatest Artists of All Time" Rolling Stone
  14. 14,0 14,1 Norris 2000, s. 25–30.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 Gulla 2008, s. 170.
  16. 16,0 16,1 Bego 2005, s. 15.
  17. Preston 1999, s. 4.
  18. 18,0 18,1 18,2 Gates 2005, s. 114.
  19. VideoYouTube
  20. «Tina Turner | Happy Birthday Tina Turner». Contactmusic. http://www.contactmusic.com/news/happy-birthday-tina-turner_1123815. Henta 7. januar 2016. 
  21. Bullock, Zelma. (1993). Tina Turner: Girl from Nutbush. [video]. Strand Video Entertainment. 
  22. «Celebrities of Native American Heritage». U.S. Department of Housing and Urban Development. http://www.hud.gov/offices/pih/ih/codetalk/onap/celebrities.cfm. Henta 7. januar 2016. 
  23. Duster, Troy (2008). «Deep Roots and Tangled Branches». Chronicle of Higher Education. http://www.geneticsandsociety.org/article.php?id=3908. Henta 2. oktober 2008. 
  24. «Genetic Ancestral Testing Cannot Deliver On Its Promise, Study Warns». ScienceDaily. 7. januar 2016. http://www.sciencedaily.com/releases/2007/10/071018145955.htm. Henta 2. oktober 2008. 
  25. Norris 2000, s. 107.
  26. Norris 2000, s. 27.
  27. Norris 2000, s. 28.
  28. 28,0 28,1 28,2 Gulla 2008, s. 174.
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 29,5 29,6 Gulla 2008, s. 171.
  30. Bego 2005, s. 16.
  31. Black History in St. Louis, May 10, 1992, http://query.nytimes.com/gst/fullpage.html?res=9E0CE2DC1331F933A25756C0A964958260, henta December 11, 2007, «"Sumner High School, the first school west of the Mississippi for blacks established in 1875 (among graduates are Grace Bumbry, Arthur Ashe and Tina Turner)..."» 
  32. Turner 1986, s. 50.
  33. 33,0 33,1 33,2 33,3 Gulla 2008, s. 175.
  34. Turner 1986, s. 62.
  35. Hasday 1999, s. 10.
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 36,4 36,5 36,6 Gulla 2008, s. 176.
  37. Quaglieri 1991.
  38. Collis 2003, s. 25.
  39. 39,0 39,1 McKeen 2000, s. 252.
  40. McKeen 2000, s. 253.
  41. Turner 1986, s. 79.
  42. Callahan, Michael. «The Sue Records Story». Both Sides Now. Mike Callahan. http://www.bsnpubs.com/nyc/sue/suestory.html. Henta October 31, 2011. 
  43. Gulla 2008, s. 179.
  44. «Ike and Tina Turner». History-Of-Rock.com. http://www.history-of-rock.com/ike_and_tina_turner.htm. Henta 7. januar 2016. 
  45. Richard Williams, Phil Spector: out of his head, page 111. Omnibus Press, 2003, ISBN 0711998647. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/books?id=a-F4AmTkYgwC&pg=PA109&dq=River+Deep+-+Mountain+High+phil+spector#v=onepage&q=River%20Deep%20-%20Mountain%20High%20phil%20spector&f=false. Henta October 24, 2009. 
  46. Gulla 2008, s. 180.
  47. Gilliland, John (1969). «Show 21 – Forty Miles of Bad Road: Some of the best from rock 'n' roll's dark ages. Part 2] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. http://digital.library.unt.edu/ark:/67531/metadc19772/m1. 
  48. Gulla 2008, s. 180–181.
  49. Bogdanov, Vladimir; Chris Woodstra; Stephen Thomas Erlewine (2003). All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues (3rd utg.). Hal Leonard Corporation. ISBN 0-87930-736-6. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/?id=nS2l6Z_J99kC. Henta April 8, 2009. 
  50. Gulla 2008, s. 182.
  51. Whitburn 2004, s. 645.
  52. Gulla, s. 182.
  53. Turner 1986, s. 160.
  54. Spin 1985, s. 37–38.
  55. McCue, Margi Laird (March 1, 2000) [1995]. Domestic Violence: A Reference Handbook. ABC-Clio Inc. ISBN 0-87436-762-X. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/books?id=MXOuAAAAIAAJ&q=087436762X&dq=087436762X&hl=en&sa=X&ei=qQA2UqvFFIjA8ASQ5YCgCQ&ved=0CC8Q6AEwAA. Henta 7. januar 2016. 
  56. Gulla 2008, s. 174–175.
  57. Leigh, Steve. «Ike Turner». sl-prokeys.com. http://www.sl-prokeys.com/ike/iketurner.htm. Henta November 12, 2014. 
  58. Ebony 1986, s. 38.
  59. Turner 1986, s. 187–190.
  60. Bronson 2003, s. 593.
  61. Tyehimba, Cheo (August 2, 1996), Tina's Independence Day, http://www.ew.com/ew/article/0,,293534,00.html, henta 7. januar 2016 
  62. Turner 1986, s. 190–192.
  63. Mabery 1986, s. 88–90.
  64. Wynn 1985, s. 70.
  65. Koenig 1986, s. 20–30.
  66. Fissinger 1985, s. 82.
  67. «Billboard: Tina Turner (R&B/Hip-Hop Songs)». Billboard. http://www.billboard.com/artist/429998/tina+turner/chart?f=367. Henta 7. januar 2016. 
  68. «Billboard: Tina Turner (Dance/Club Play Songs)». Billboard. http://www.billboard.com/artist/429998/tina+turner/chart?f=359. Henta 7. januar 2016. 
  69. «Chart Stats: Tina Turner (Let's Stay Together)». Chart Stats. http://www.chartstats.com/songinfo.php?id=11177. Henta 7. januar 2016. 
  70. «Tina Turner: Let's Stay Together av Al Green». Hung Medien. http://www.dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Tina+Turner&titel=Let%27s+Stay+Together&cat=s. Henta 7. januar 2016. 
  71. «Billboard: Tina Turner (Hot 100)». Billboard. http://www.billboard.com/artist/429998/tina+turner/chart?f=379. Henta 7. januar 2016. 
  72. Ebony 1985, s. 77.
  73. «Tina Turner Biography». Rolling Stones Online. Arkivert frå originalen den June 18, 2008. http://web.archive.org/web/20080618073142/http://www.rollingstone.com/artists/tinaturner/biography. Henta 7. januar 2016. 
  74. Sharon Norris. «Tina Turner». Tennessee Encyclopedia of History and Culture. http://tennesseeencyclopedia.net/entry.php?rec=1411. Henta 7. januar 2016. 
  75. «Roger Miles Producer Autobiography». Milesago. http://www.milesago.com/industry/davies-roger.htm. 
  76. Lichtenfeld, Eric (2007). Action Speaks Louder: Violence, Spectacle, and the American Action Movie. Wesleyan University Press. s. 153. ISBN 0-8195-6801-5. 
  77. Allen, Robert Clyde (1995). To be Continued: Soap Operas Around the World. Routledge. s. 115. ISBN 0-415-11006-8. 
  78. Denisoff, R. Serge (1988). Inside MTV. Transaction Publishers. ss. 274, 278. ISBN 0-88738-864-7. 
  79. Jet 1988, s. 54.
  80. Weekly World News 1993, s. 13.
  81. Wilder, John S. (January 17, 2002). «SB 2798: Highway Signs – «Tina Turner Highway»» (PDF). Legislation Archives – Bills and Resolutions: 102nd General Assembly. Nashville, TN: Tennessee Senate. http://www.capitol.tn.gov/Bills/102/Bill/SB2798.pdf. Henta 7. januar 2016. 
  82. Fitzhugh, Craig (January 22, 2002). «HB 2535: Highway Signs – «Tina Turner Highway»» (PDF). Legislation Archives – Bills and Resolutions: 102nd General Assembly. Nashville, TN: Tennessee House of Representatives. http://www.capitol.tn.gov/Bills/102/Bill/HB2535.pdf. Henta 7. januar 2016. 
  83. Highway to Be Named for Tina Turner, AP Online News Wire, September 25, 2002, http://www.highbeam.com/doc/1P1-67731655.html, henta 7. januar 2016 
  84. Files, John (5. desember 2005), At Kennedy Center Honors, 5 More Join an Elite Circle, http://www.nytimes.com/2005/12/05/arts/05honors.html, henta 7. januar 2016 
  85. December 5, 2005, Long Beach Press-Telegram (CA)
  86. December 6, 2005, Kansas City Star.
  87. Thomas, Karen (December 4, 2005), Kennedy Center honors five performing greats, http://www.usatoday.com/life/people/2005-12-04-kennedy-center_x.htm, henta 7. januar 2016 
  88. Tina Turner: 'No Comment' on Ike Turner's Death., December 12, 2007, http://www.people.com/people/article/0,,20165923,00.html, henta 7. januar 2016 
  89. Tina Turner wows Grammy crowd with comeback, February 11, 2008, http://www.reuters.com/article/musicNews/idUSN0955003720080211, henta February 17, 2008 
  90. «Grammy Awards: Tina Turner, Kanye West sizzle onstage». The Dallas Morning News. February 11, 2008. http://replay.waybackmachine.org/20090617200034/http://www.dallasnews.com/sharedcontent/dws/ent/stories/DN-grammyreview_0211gl.ART.State.Edition1.3b2e6d2.html. Henta 7. januar 2016. 
  91. Tina Turner says she's hitting the road again, April 30, 2008, http://www.usatoday.com/life/television/2008-04-30-2451038577_x.htm, henta May 21, 2008 
  92. Rangers fans prove Simply the Best, taking Tina Turner hit back into the Top 10, Edinburgh, http://sport.scotsman.com/celticfc/Rangers-fans-prove-Simply-the.6252275.jp, henta 7. januar 2016 
  93. Ralston, Mark (May 31, 2012), This picture taken on Mai 31, 2012 shows singer Tina Turner arriving on the red carpet for the fashion show by 77-year-old designer Giorgio Armani at the 798 art complex in Beijing, http://abcnews.go.com/meta/search/imageDetail?format=plain&source=http://abcnews.go.com/images/Entertainment/gty_tina_turner_1_jt_120607, henta 7. januar 2016 
  94. Wilson, Julee (March 8, 2013), Tina Turner Vogue Tyskland Cover, Singer's First Time Gracing Glossy, http://www.huffingtonpost.com/2013/03/08/tina-turner-vogue-cover-first-time-gracing-glossy-_n_2838833.html, henta 7. januar 2016 
  95. McKeen 2000, s. 257.
  96. Spin 1985, s. 40–41.
  97. 97,0 97,1 Turner 1986, s. 60–62.
  98. Turner 1986, s. 62–65.
  99. Turner 1986, s. 62–64.
  100. Turner 1986, s. 74.
  101. Lyman 2005, s. 226.
  102. Ebony 1986, s. 34.
  103. Turner 1986, s. 78.
  104. Spin 1985, s. 42.
  105. Turner 1986, s. 212.
  106. Orth 2004, s. 40–42.
  107. Margena A. Christian (October 2008). «The Last Days of Ike Turner». Ebony. http://books.google.com/books?id=PtMDAAAAMBAJ&pg=PA94&lpg=PA94&dq=The+Last+Days+of+Ike+Turner&source=bl&ots=2lv_bj6LWH&sig=qtFjmc3n68JxbCyY1jXJ7HzHuR8&hl=en&sa=X&ei=8fUtUKf9NuiFywHs64DgAQ&ved=0CFQQ6AEwBQ#v=onepage&q=The%20Last%20Days%20of%20Ike%20Turner&f=false. Henta 8. januar 2016. 
  108. «Tina Turner weds longtime partner in quiet Swiss suburb». Reuters. 7. januar 2016. http://www.reuters.com/article/2013/07/17/us-tinaturner-idUSBRE96G0WC20130717. Henta July 18, 2013. 
  109. Dreams Come True, The Oprah Winfrey Show, February 24, 2005.
  110. Biography, International Tina Turner Fan Club, 2007
  111. Ike and Tina Turner Marriage Profile , About.com
  112. VideoYouTube
  113. «Tina Turner Becoming Swiss Citizen, Giving Up U.S. Passport». Fox News. January 25, 2013. http://foxnews.com/entertainment/2013/01/25/tina-turner-becoming-swiss-citizen-giving-up-us-passport/. Henta 7. januar 2016. 
  114. «Tina Turner 'to become Swiss, give up US passportMal:'-», Frankrike 24, January 25, 2013, http://mobile.france24.com/en/20130125-tina-turner-become-swiss-give-us-passport, henta January 28, 2013 
  115. «Tina Turner Renounces U.S. Citizenship for Swiss», Atlanta Black Star, 7. januar 2016, http://atlantablackstar.com/2013/01/26/tina-turner-renounces-u-s-citizenship-for-swiss/, henta 7. januar 2016 
  116. 116,0 116,1 Kamer, Al (November 12, 2013), Tina Turner's citizenship move, part 2, http://www.washingtonpost.com/blogs/in-the-loop/wp/2013/11/14/tina-turners-citizenship-move-part-2/ 
  117. Hier besorgt sich Tina Turner den Schweizer Pass, Blick, April 23, 2013, http://www.blick.ch/people-tv/schweiz/hier-besorgt-sich-tina-turner-den-schweizer-pass-id2281138.html, henta April 24, 2013 
  118. «Ike and Tina Turner». Rockhall.com. http://www.rockhall.com/inductees/ike-and-tina-turner. Henta November 1, 2008. 
  119. «Grammy Hall of Fame Award: Past Recipients». The Recording Academy. Arkivert frå originalen den July 27, 2008. http://web.archive.org/web/20080727131658/http://www.grammy.com/Recording_Academy/Awards/Hall_Of_Fame/. Henta 7. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Tina Turner