Tind Hallkjellsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Tind Hallkjellsson (norrønt: Tindr Hallkelsson) var ein islandsk skald som levde i siste halvdel av 900-talet, kanskje fødd omkring 950 og død omkring 1015. Han vart òg kalla inn frœkni «den djerve».

Slekt og familie[endre | endre wikiteksten]

Tind høyrde til i den islandske familia som blir kalla «Gilsbekkingar» som blir sagt å stamme frå den vestnorske skalden Brage Boddason (norrønt: Bragi hinn gamli) som levde tidleg på 800-talet.

Far til Tind var Hallkjell Roskjellsson på Gilsbakke og han var bror til Illuge Svarte på Gilsbakke som var ein mektig hovding i Borgarfjord. Tind var dermed farbror til skalden Gunnlaug Illugesson, meir kjend som Gunnlaug Ormstunge.

Namnet på kona hans er ikkje kjent, men han hadde døtrene Joreid og Hallveig og sonen Torvald. Torvald Tindsson var bestefar til skalden Gisl Illugesson.

Liv og skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Det første ein høyrer om Tind er frå Landnåmsboka[1] der det er nemt at han saman med broren Illuge drap ein mann som vart kalla Músa-Bölverkr, fordi han hadde drepe Torarin, bror deira.

I Skaldatal[2] er han nemnt som ein av skaldane hos ladejarlen Håkon Sigurdsson Jarl. Han var med og kjempa saman med nordmennene i slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget, år 986). Han gjorde ei dråpa, «Håkonardråpa», til Håkon Sigurdsson Jarl, der motiva mellom andre var henta frå dette slaget.

Av skaldskapet til Tind Hallkjellson kjenner vi til desse to dikta:

  • Håkonardråpa[3] hyllingsdikt til Håkon jarl.
  • to lausaviser[4] - dei finst i Heiðarvíga saga[5].

Deler av dikta finst i Soga om Olav Tryggvasson, Soga om Jomsvikingane og Skaldskaparmål[6].

Ikkje lenge etter slaget i Hjørungavåg, drog Tind attende til Island og reid straks heim til faren sin gard, Hallkjellstad ('Hallkelsstaðir). Han er seinare nemnd i «Hardar soga og Holmverja»[7]. Det siste vi veit om han var at var med i slaget på Hede i 1015. Slaget er omtala i «Soga om slaget på Hede»[5] (Heiðarvíga saga) og der skal Tind ha kjempa drabeleg og kanskje vart han dødeleg såra i denne striden. Han er ikkje nemnt i kjeldene seinare.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Landnåmabok frå snerpa.is
  2. Skaldatal i heimskringla.no
  3. Hákonardrápa Skaldic Project
  4. Lausaviser Skaldic Project
  5. 5,0 5,1 HEIÐARVÍGA SAGA frå snerpa.is (norrøn tekst)
  6. Skáldskaparmál Snorre-edda
  7. HARÐAR SAGA OG HÓLMVERJA frå snerpa.is (norrøn tekst)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]