Tindevegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit parti av Tindevegen fotografert tidleg i mai 2010.

Tindevegen er ein vinterstengd privat 32 kilometer lang fjellveg (bomveg) mellom Øvre Årdal i Årdal kommune og Turtagrø i Luster kommune. Vegen vert drive av lutlaget Fjellvegen Årdal - Luster SA, som krev inn bompengane i ein bomstasjonen på Berdalsbandet, der det er ein bomautomat som tek bankkort. Denne staden ligg litt sør for det høgste punktet på vegen, som er på 1315 meter over havet. Normalt er vegen open frå mai til november.

Fjellvegen er kalla snarvegen gjennom Jotunheimen, og går gjennom mektig natur mellom vakre fjelltoppar og med mange flotte utsiktspunkt. Berre ein kort spasertur frå traseen opnar det seg eit panorama med Hurrungane og Store Skagastølstind i aust og Sognefjorden og Skjolden i vest.

Tindevegen kan nyttast av motorsyklar, bilar, bilar med campingvogn og bubilar, men det er tilrådeleg at køyretøyet ikkje er meir enn 10 meter langt. Sesongtrafikken er på vel 30000 kjøretøy.

Sognefjellsvegen sett frå Tindevegen. Nordlege del av Tindevegen går ned mot Turtagrø rett bak haugen i midten.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]