Tingeventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sparegrisen og leikene blir levande i eventyret «Pengegrisen».

Tingeventyr er ein type eventyr der ting blir levande og speler hovudrolla.[1] Dei er ein undersjanger av kunsteventyr, det vil seia eventyr laga av ein kjend forfattar på eit kjend tidspunkt. I kunsteventyr er det ofte meir djupne i karakterane, og den personlege språktonen til forfattaren er tydeleg.

I tingeventyr spelar ikkje-levande objekt den absolutte hovudrolla. Det har med andre ord funne stad ei besjeling av ting som leiketøy, reiskapar og bruksgjenstandar. Handlinga blir sett frå perspektivet til tinga. Tingeventyr som sjanger blei funnen opp av H.C. Andersen. Han fann inspirasjon frå fablar og eventyr der objekt blei levande. Andersen skreiv ca. 40 fablar, der rundt halvparten var tingeventyr.[2]

Eventyr med ting som viktige element, som «Fyrtøiet» og «Kvernen som står og maler på havsens bunn» er ikkje tingeventyr, ettersom tittelreiskapane berre blir brukt til den menneskelege framdrifta i historia.

Karakterar[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til «Theepotten».
Illustrasjon til «Sneemanden».

Sjølv om det i tingeventyr er gjenstandar handlinga dreier seg rundt, treng ikkje eventyr vera latterlege eller uten bodskap og meining. Tilsynelatande er karakterane ubetydelege, men dei opptrer som menneske. Dei kjem ut for same val og overvegingar som desse, og går gjerne gjennom i eit eventyr for å finna ei meining med tilværet. Kontrast mellom utsjånaden til objekta og temaet i historia kan gje ein humoristisk effekt. Men det gjev òg ein effekt i forståinga av eventyret.

Det er interessant å sjå korleis H.C. Andersen brukar ein til gjenstand utsjånad til å uttrykka ein indre eigenskap. Dette ser ein til dømes i «Hyrdinden og Skorsteensfeien»: begge er laga av porselen. Dei er altså fysisk skjøre. Den indre skjørheita ser ein i handlingane deira, der dei er forsiktige, overvegande, følsame og lite sjølvstendige. Derfor er karakterane òg lettare e å forstå, sidan det er eit visst samsvar mellom det indre og ytre. Dette ser ein òg i Den gamle Gadeløgte, der gatelykta er ein gjenstand som lyser opp for andre, men i soga òg har indre ønske og verdiar. I nokre av tingeventyra til H.C. Andersen er det likevel det motsette der gjeld: ein motsetnad mellom det indre og ytre. Dette ser ein til dømes i «Stoppenålen», der ei stoppenål villeier seg sjølv til å tru at ho er ei synål. Denne sjølvhevinga gjev henne problem, og gjennom historia forfall ho meir og meir. Det har òg ein humoristisk effekt, ettersom det blir gjort narr av rike, egoistiske og snobbet personar, og dette på ein særskilt tydeleg måte, ettersom det ikkje er menneske som har hovudrolla.

Det kjem òg ein effekt av at tingeventyr bruker ulike objekt som karakterar. Ofte kan ein sjå kontrastforhold mellom karakterane i eventyret, då mange av dei samanliknar seg med andre gjenstandar for å finna sin eigen identitet. Dette ser ein mellom anna i «Sølvskillingen», der sølvskillingen fyrst finn identiteten sin då han blir konfrontert med sin eigen ulikskap med utanlandske myntar. Dette er ei sympatisk samanlikning. Ei usympatisk samanlikning ser ein i «Theepotten», der ei tepotte samanliknar seg sjølv med sukkerskåla og koppane, som kvar berre har hank eller lok. Tepotta har derimot begge delar, i tillegg til ein tut. Derfor er han, etter sin eigen logikk, meir verd enn dei. Her blir det òg brukt kontrastar til å fortelja om verdien eller manglane til ein karakter. På denne måten blir menneskelege eigenskapar tydeleggjorte og formidla ein bodskap.

Ein kan òg sjå H.C. Andersen sitt syn på karakterane i titlane på tingeventyra. Til dømes kunne «Stoppenålen» godt ha heitt «En kvindes forfall» for å tydeleggjera bodskapen. Men fordi gjenstanden det handlar om, samstundes er tittelen på eventyret, blir der òg sendt eit signal om at det er eit individ historia handlar om, og at det er historia til den enkelte som er viktig. Samstundes seier tittelen òg noko om sann identitet. Han viser til stoppenåla sin identitet ved å kalla eventyret for «Stoppenålen» og ikkje «Synålen», slik nåla ser seg sjølv. I «Penn og blekkhus» diskuterer ein penn og eit blekkhus kven som er den viktigaste av dei, men sidan begge opptrer i tittelen, verkar dei likestilte. Altså kan tittelen gjera at ein lære noko om karakterane sin identitet og den sanne bodskapen til eventyret.

Ved å setja ein ikkje-levande gjenstand i hovudrolla, kan forteljaren kommentera draumar, oppførsel, manglar og lengsler hjå menneske. Her er det viktig å poengtera at H.C. Andersen skreiv for både ungar og vaksne. Dette ser ein òg i forståingsnivået i tingeventyra, der barnet høyrer eventyret som ei historie og moglegvis oppfattar bodskapen, medan den vaksne som les eventyret kan nå lenger ned i tydinga og dermed òg få noko personleg ut av det. På denne måten fungerer tingeventyr både som underhaldning for ungar og vaksne, i tillegg til å vera ein sjanger som kommenterer personlegdommar og liv.

Andre besjela ting i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Besjela ting, særleg leiker, opptrer i ei rekkje verk for barn i litteratur og film. Soga Nussknacker und Mausekönig av E.T.A. Hoffmann frå 1816 fortel om ein nøtteknekkar som blir levande, og blei verdskjend gjennom Tsjaikovskij-balletten Nøtteknekkeren. Den italienske soga om Pinocchio frå 1880-talet har ei marionettdokke som blir levande som hovudfigur. Leiker kjem til liv i Ole Brumm (Winnie-the-Pooh) frå 1928.

Den engelske forfattaren Enid Blyton hadde soger om ei talande tepotte og ein tenkande kjele i The Talking Teapot and Other Tales frå 1934.[3] Noddy er ei tredokke som rømmer til Toyland og møter ulike levandegjorde leiker. Mary Mouse er ei mus som gjer teneste hjå dokker i eit dokkehus. Også Rumer Godden skreiv ei rekkje bøker for barn om besjela dokker.

Innan animasjon kan ting ofte gjerast levande. Filmen Toy Story frå 1995 og oppfølgjarar fortel om levande leiker med ulike eigenskapar som må klara seg i verda. Cars frå 2006 gjev liv til bilar. Begge desse filmane var laga av Pixar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tingseventyr | Dansk 3-6 | Gyldendals fagportaler», dansk3-6.gyldendal.dk, henta 20. september 2021 
  2. Ragnar Arntzen, Geir Afdal, red., «Med ikt til HCA i et dannelsesperspektiv» (PDF), IKT I LÆRINGSROMMET: IKT, lokal skolepraksis og globalisering, s. 42 
  3. «The Talking Teapot and Other Stories by Enid Blyton», www.enidblytonsociety.co.uk, henta 20. september 2021