Tinglysing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tinglysing er ei offentleg registrering av dokument om eigedomsrett, bruksrett, panterett og andre rettar i fast eigedom. I registeret har kvar eigedom i landet eit grunnboksblad der dokumenta vert noterte. Ansvaret for tinglysinga har lege hos sorenskrivarkontora i mange hundre år, men er nyleg overført til Statens KartverkHønefoss.

Ålmenta skal langt på veg kunne stole på det eigartilhøvet og dei hefta som grunnboka viser. Tinglysing er såleis eit viktig verktøy for omsetnad og finansiering av fast eigedom.

  • Reglane om tinglysing finst i Lov om tinglysing av 07.06.1935 og tilhøyrande føresegner.