Tinnsjå

Koordinatar: 59°52′38″N 08°55′52″E / 59.87722°N 8.93111°E / 59.87722; 8.93111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinnsjå
innsjø
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommunar Notodden, Tinn
Høgd over havet 187-191 moh.
Areal 51,38 km²
Middeldjupn 189 m
Største djupn 460 m
Volum 9,71 km³
Kystlengd1 95,47 km
Koordinatar 59°52′38″N 08°55′52″E / 59.87722°N 8.93111°E / 59.87722; 8.93111
Kart
Tinnsjå
59°54′00″N 8°55′00″E / 59.9°N 8.9166666666667°E / 59.9; 8.9166666666667
Wikimedia Commons: Tinnsjå
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Tinnsjå, også kalla Tinnsjøen eller Tinnsjø, er ein innsjø delt mellom kommunane Tinn og Notodden i Telemark. Innsjøen har eit areal på 51 km² og er 460 meter på det djupaste. Frå vest kjem Måna frå Møsvatnet og Rjukan, frå nord kjem elva Mår frå innsjøen Mår, Gøystavatnet og Kalhovdfjorden. Tinnsjå er ein del av Skiensvassdraget, og vert drenert via Tinnelva i sør, ned til Heddalsvatnet. Tinnsjå er den fjerde djupaste innsjøen og den tjuande største.

Under den andre verdskrigen, i 1944, vart tinnsjøferja DF «Hydro» sprengt av norske motstandsfolk på Tinnsjøen. om bord hadde ho ei last med tungtvatn. Vraket av ferja vart lokalisert av eit dykkarlag frå Notodden i 1993. I 2004 vart vraket igjen undersøkt då eit amerikansk filmselskap skulle gjere opptak av vraket. Dei fikk opp fat som inneheldt tungtvatn (deuterium).

Stader ved Tinnsjø[endre | endre wikiteksten]

Tinnsjå sitt hovudtilløp er via elvane Måna og Mår.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tinnsjå