Tislavoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tislavoll
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 51

Tislavoll eller Tislevoll er ein gard sentralt i Fitjar kommune, på vestsida av det sørlege Storavatnet. I aust ligg Rydland, i sør ligg Søre Stokken, i vest ligg Storavikjo og i nord Hovstad.

Det ligg eit bedehus på området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er truleg gammal, men yngre enn Hovstad, men det er ikkje gjort fornfunn som garden kan tidfestast etter.

Tislevoll har vore i privateige så langt attende som kjeldene går. Den første brukaren som er nemnd på garden var Halvard pa Tislewol i 1519.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Gardsnamnet kjem truleg frå elvenamnet Tisla, som må ha vore namnet på bekken som renn i grensa mellom Tislavoll og Hovstad. Ei anna tolking er at namnet kjem av plantenament tistel. Namnet har i såfall vore Tistillarvoll i gammal tid.

Namnet har gjennom tidene vorte skriven Tislervoll, Tysleould, Tysseuoldt, Tyzloud, Thyseueldh, Tisleould, Thisleeuoldt, Thisould, Thisleould, Thistleould, Tidselould, Tidztluold, Tiztevold, Tidzlevold, Tiztlewold, Tislevold og Tidslevold. Namnet vert i dag skrive Tislevoll eller Tislavoll, som òg er daglegnamnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]