Tisnaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tisnaren er ein innsjø som ligg på grensa mellom landskapa Östergötland og Södermanland i Sverige. Innsjøen ligg 44 meter over havet, og har eit overflateareal på 39 km². Innsjøen er fordelt mellom kommunane Finspång, Katrineholm og Vingåker. Tisnaren vert drenert via Forsaån til Viren, og inngår i vassdraget. Kring innsjøen er det kupert og lite tilgjengeleg terreng. Ingen større tettstader ligg i nærleiken av innsjøen. Tisenö er største øy i innsjøen, og har fastbuande folkesetnad.

I 1910-1915 vart Tisnare kanal bygd for å forenkle frakt av gods til jernbanestasjonen Ändebol, som ligg på Södermanlandssida av landskapsgrensa.

Föreningen Rädda Tisnaren har som hovudføremål å verne om Tisnaren og tilstøytande elvar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°56′45″N 15°56′35″E