Tista

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tista
elv
Land  Noreg
Fylke Østfold
Kart
Tista
59°07′12″N 11°22′31″E / 59.12°N 11.37527778°E / 59.12; 11.37527778
Wikimedia Commons: Tista

Tista, òg kalla Tistaelva eller Tistakanalen er ei elv i Østfold. Tidlegare var ho grenseelv mellom dei tidlegare kommunane Berg og Idd, men elva ligg i dag i Halden kommune.

Den fire kilometer lange elva byrjar der Raet demmer opp Femsjøen, den siste innsjøen i Haldenvassdraget. Det første stykket flyt elva roleg forbi Vadet der ein trefning fann sted under svenskekrigane. Så, midt i Tistedal, forsvinner elva i eit hol i berget og gjev rom for dei blankskurte svaberga der Tistafossen ein gong bruste. Her finn ein òg det nedlagde Haldens Bomuldspinneri, den eldste industribedrifta i Noreg. Her finst òg spor etter alle dei gamle sagbruka som ein gong henta kraft frå fossen. På nedsida av fossen, der fossekall framleis hekker i pyttane, flyt elva ut av tunnelen til Østfold Energi og glir mørk og stille forbi Fosseløkka og fram til Skåningsfossen. På nordsida av Tistedalen finst ein edellauvskog.

Nærare Halden sentrum var nokre av dei eldste spora etter menneske i Noreg skjult i jorda. Berget der kleberstein vart teke ut er sprengt bort for å gje plass til «PM6», den nyaste papirmaskina til AS Saugbruksforeningen. Det neste stykket renn elva forbi Kaken, den gamle «kagstrygningsplassen» eller rettarstaden i Fredrikshald by. Her vart Sofie Johannesdotter halshogd som den siste kvinna i Noreg. Nå er Kaken staden der Saugbruksforeningen sine papirmaskinar står. Så renn elva inn i Halden sentrum, under den nye og den nygamle bybrua og ut igjen, forbi Banken og Mølen, gamle sagflis- og mudderbankar frå sagbrukstida.

Tista er delvis reinsa etter mange års utslepp av cellulose frå Saugbruksforeningen og kloakk frå haldensarane. Jeger- og Fiskerforeningen har sett ut smolt og yngel frå Enningdalselva, og årbuken forsvann aldri frå elva.

Frå Iddefjorden/Ringdalsfjorden til Femsjøen i sørenden av Haldenkanalen vart det bygd to sluseanlegg i 1909 ved Porsnes og Skonningfoss. Tista har i alt tre slusekammer med i alt 9 meter høgdeskilnad. Ved Skonningfoss er sluseportane erstatta av laksetrapper. Tista går 3,5 km oppover frå Iddefjorden/Ringdalsfjorden til Tistafossen. Det manglar eit samband for båtar med 70 meter høgdeskilnad opp Tistafossen til Femsjøen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]