Tizian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Titian)
Tizian

Fødenamn Tiziano Vecellio
Pseudonym Veccellio, Tiziano
Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1490
Pieve di Cadore
Død

27. august 1576 (86 år)
Venezia

Yrke kunstmålar, teiknar, bygningstegner, grafikar
Sjanger portrettmåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri, akt, historiemåleri, portrett
Medlem av Accademia delle Arti del Disegno
Religion katolisisme
Far Gregorio Vecellio
Ektefelle Cecilia Soldano
Born Orazio Vecellio, Tizianello, Lavinia Vecellio
Signatur
Tizian på Commons

Tizian, fullt namn Tiziano Vecellio, fødd omkring 1485 i Pieve di Cadore i landområdet Cadore nær Belluno i Veneto i republikken Venezia i Italia, død 27. august 1576 i Venezia, var ein italiensk høgrenessansemålar og leiande for den såkalla venetianske skulen. Han arbeidde i Venezia og vart tidleg i livet kjent som ein dyktig målar, eit omdømme som ettertida har slutta opp om.

Tizian undersøkte i portretta sine og trengde gjennom den menneskelege framtoninga. Dei religiøse komposisjonane hans dekker heile skalaen av sinnsstemingar, frå ungdommelege madonnaer til tragedier i seine verk som Korsfesting, Gravleggjing og Pietà. I dei mytologiske måleria skildra han den heidenske morskapen i antikken, og i måleria av den nakne Venus (Venus og Adonis) og Danaë (Danaë med barnepike) fornya han oppfatninga av plastisk venleik og erotikk. Andre biletskaparar, som Nicolas Poussin, Peter Paul Rubens og William Turner, kopierte og imiterte ofte måleria hans. Tizian var ein pionér innan og svært oppteken av fargebruk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jomfru Marias himmelferd, 1516-18
To satyrar i eit landskap. Teikning frå ca. 1505-10.

Tizian vart fødd i landsbyen Pieve di Cadore, der faren var funksjonær. Ni år gamal vart han og ein bror send til Venezia for å bo hos ein onkel, dei skulle studere under mosaikkunstnaren Sebastiano Zuccato. Snart begynte han i verkstaden til Bellini-brørne. Der var Giovanni Bellini, den i samtida fremste venetianske målaren, læraren hans. Tizians tidlege verk er tydeleg påverka av undervisinga og av hans samband som ung mann med Giorgione da Castelfranco, ein annan elev av Giovanni Bellini. Dei to elevane samarbeidde i 1508 om å lage freskane i 'Fondaco dei Tedeschi', der Allegori over rettferda er vorte tileigna Tizian.

Tizians første sjølvstendige oppdrag var å måle freskane av den heilage Antonius av Padovas tre mirakel. Det talande spedbarnets mirakel er verdsett for komposisjonen, mens Den oppfarande sons mirakel har eit landskap i bakgrunnen som viser kor topografisk og stemningsmessig like verka til Tizian og Giorgione var i dei dagar. Etter Giorgione døydde i 1510 tok Tizian på seg oppgåva å fullføre bakgrunnslandskapet i Giorgiones uferdige Sovande Venus, eit faktum bokført av ein samtidig forfattar. Nokså giorgionesk er Tizians frodige Kristi dåp frå omkring 1515.

Dei tidlege mytologiske og allegoriske komposisjonane viser at Tzian i stor grad var inspirert av Giorgione i framstillinga av ei poetisk og idyllisk verd, der inkje kvardagsleg eller sjofelt eksisterer. Inspirasjonen ligg i kjærleiksdikta til dei italienske poetane Jacopo Sanazzaro og Pietro Bembo. I verket Dei tre aldrane til mennesket er det erotiske forholdet mellom det unge paret diskré neddyssa, ømheit og vemod råder.

Etter at Tizian hadde gått i lære i Venezia og Padova, kom bileta hans på moten i Venezias intellektuelle krinsar. Den venetianske krinsen av oppdragsgjevarar vart snart utvida med fleire av kongane og fyrstane i Europa. Tizians posisjon frå omkring 1520 og framover, var like framskoten som Michelangelo sin. I 1533 måla Tizian eit portrett av keisar Karl V, keisaren vart så nøgd at han adla Tizian til palatinatsgreive.

Tizian portretterte i 1543 pave Paul III og vart like etterpå send til Vatikanet, der han vart motteken som ein fyrste. I Roma vart han kjend med Michelangelo. På 1550-talet vart han tilsett som hoffmålar av Filip II av Spania.

Tizian strevde i sitt skapande arbeid med å halde seg sjølvstendig overfor dei mektige oppdragsgjevarane sine. Med bistand frå sin nære venn, forfattaren Pietro Aretino, gjorde Tizian seg til Europas mest ettertrakta målar. Denne eineståande stillinga gjorde det mogleg for han å arbeide for den han ville, i si eiga takt, og med motiv som han sjølv valde.

Tizian døydde av pest i Venezia i 1576.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tizian