Tittelsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tittelsnes
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sveio
Postnummer 5554 Valevåg
Preposisjon Tittelsnes
Kart
Tittelsnes
59°42′53″N 5°30′29″E / 59.71462°N 5.50819°E / 59.71462; 5.50819

Tittelsnes ligg heilt nord i Sveio, i det som tidlegare var Valestrand kommune. Neset ligg der Bømlafjorden møter Ålfjorden, rett sør for Leirvik. Tittelsnes vert rekna som ein del av tettstaden Valevåg.

I dag er Tittelsnes ei lita bygd med lite næringsaktivitet. Det er nokre småbruk på staden, eit ridesenter på garden Eidsvåg og barneskulen Valestrand skule. Elles er staden eit populært turistmål om sommaren, med fine badeplassar og lang strandlina.

Under andre verdskrigen hadde tyskarane eit anlegg på Tittelsnes. Dette anlegget vart bygd i 1941 og skulle vera ein del av Artilleriundergruppe Bømlafjord, som skulle sikra innløpet til den indre skipsleia mellom Haugesund og Bergen. Etter krigen vart dette overteke av Forsvaret, og fungerer i dag som øvingsområde for Heimevernet.

Historisk har Tittelsnes vore eit viktig knutepunkt i Sunnhordland. I etterkrigstida var det daglege avgangar med båt til Bergen, med buss vidare til Haugesund. Dette var då den raskaste vegen mellom dei to byane, med ei reisetid på fem timar. Det var òg bakeri og postkontor der. Tittelsnes brevhus vart opna i 1924, og lagt ned då Tittelsnes Postopneri opna i 1936. Postopneriet vart lagt ned i 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]